Hopp til innhold

Kuttar i skule, idrett, kultur og tannhelse

Fylkesrådmannen vil prioritera å betala ned låna raskare. Det betyr mindre å rutta med innan skule, kultur, idrett, tannhelse og regional utvikling.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

KUTTAR: Fylkersrådmann Rune Haugsdal foreslår ei rekkje kutt i budsjettframlegget for 2016.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hordaland fylkeskommune har i fleire år toppa listene over gjeldsbelasta fylkeskommunar. Utbygging av nye vidaregåande skular og bybaneprosjektet har kosta flesk i stor grad vorte finansiert ved hjelp av lån.

Frå nyttår vil gjeldsgraden til fylkeskommunen overstiga 100 prosent av inntektene til kommunen, og fylkesrådmannen ber politikarane ta grep i framlegget til budsjett for 2016.

Doblar tilbakebetalinga

I budsjettet som vart lagt fram i dag går fylkesrådmannen inn for å dobla avdraga på låna til fylkeskommunen fram mot 2019.

– Dette krev stram budsjettering og me vil måtta følgja opp organisasjonen tett for å halda kostnadane nede, seier Haugsdal.

Konsekvensen er mindre å rutta med i driftsbudsjetta. Både skule, tannhelse, kultur, idrett og regional utvikling får mindre pengar til den daglege drifta enn i 2015.

Slik vert kutta fordelt:

  • Opplæring: Innsparingar på 35 millionar.
  • Administrasjon: Innsparingar på 12 millionar.
  • Samferdsle og kollektiv: Auke på 23 millionar.
  • Tannhelse: Innsparingar på 4 millionar.
  • Regional utvikling: Reduksjon på 2,5 millionar.
  • Idrett og kultur: Innsparingar på 4,2 millionar.

Investeringane vert ikkje råka på same måte i 2016.

Skal bygga skular og bybane

Fylkesrådmannen legg opp til å bruka 451 millionar på dei to nye vidaregåande skulane på Voss, arbeidet med tilbygg til Bergen katedralskole og rehabilitering av Årstad vidaregåande vert vidareført. Det skal òg byggast ny tannklinikk på Askøy.

Det skal i tillegg brukast ein halv milliard på vidare utbygging av Bybanen mot Flesland og arbeidet med rassikring ved Lussandberget i Granvin vert vidareført.

– Det høge investeringsnivået held fram i 2016. Me skal neste år investera for rundt 2,5 milliardar innan samferdsle og 0,7 milliardar innan dei vidaregåande skulane, seier Haugsdal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner likevel at investeringskostndane må reduserast i løpet av dei neste fire åra.

Totalt skal Hordaland fylkeskommune bruka 11,3 millionar til drift og investeringar i 2016. 7,3 milliardar vert brukt til drift og 3,3 milliardar til ivesteringar.

Fylkespolitikarane skal vedta budsjettet i fylkestinget i desember.