Hopp til innhold

Demonstrerte mot IS i Bergen i natt

Over 20 demonstrantar overnatta tysdag kveld på Torgallmenningen i Bergen for å protestere mot IS sine herjingar i Kobane, og mot Tyrkia som ikkje grip inn.

Demonstrasjon mot IS på Torgallmenningen i Bergen

DEMONSTRERER: 22 kurdarar demonstrerte natt til onsdag på Torgallmenningen i Bergen. Dei ynskjer merksemd på situasjonen i Kobane i Syria.

Foto: Onur Aksoy

– Det var fint å vere på Torgallmenningen i natt, for saka fortener det. Situasjonen er veldig grufull, så me ville vere der for å vise solidaritet, seier Ali Watti til NRK.

Dei 22 demonstrantane, som i stor grad er kurdarar, brukte natta ute for å få merksemd på at islamistgruppa IS har rykka fram mot den kurdiske byen Kobane i Syria.

Over 160.000 personar har blitt drive på flukt sidan offensiven starta.

Del av større rørsle

På syrisk side i Kobane vert byen bombardert av IS. På den andre sida står tyrkisk militær og observerer kampane, og hindrar kurdarar som vil delta i kampane i å krysse grensa.

– I byen har kurdarar vanlege våpen, medan IS er brutale. Det som er veldig fint er at kurdarar har vilje, og fortset å kjempe, seier Watti.

– Noreg er medlem av NATO, og på den måten støttar landet også Kurdarar. Viss ingen støttar kurdarar, så kjem IS til å stå for eit folkemord mot kurdarar, seier Watti.

Del av større rørsle

Demonstrasjonen Watti og 21 andre hadde natt til onsdag er ein del av ei rørsle som kurdarar har starta.

– Me ynskjer å få merksemd frå politikarane, og me er difor ein del av ei rørsle som har skjedd i fleire byar i Europa, i USA og Australia. Kurdarar i mange byar ligg ute, så me tenkte me også ville gjere det, seier Watti.

Tysdag demonstrerte kurdarar framføre tinghuset i Bergen, og i dag onsdag skal dei demonstrere framføre rådhuset i byen.

Laster Twitter-innhold