Hopp til innhold

Kunsttjuven ante ikkje at han blei filma då han slo til

BERGEN SENTRUM (NRK): Mannen valde ut måleriet som hang rett under eit overvakingskamera på hotellet. Kort tid etter vart han arrestert.

Tatt etter å ha blitt ferska på Hotel Terminus i Bergen.

TABBETJUVERI: Sjeldan har vel ein kunsttjuv blitt filma på så nært hald.

Det var måndag morgon at vaktmeisteren på Grand Hotell Terminus i Bergen oppdaga at eit stort måleri mangla i 7. etasje.

Kunstverket er laga av Johanne Marie Hansen-Krone og er verd om lag 50.000 kroner.

Ho var festspelutstillar i Bergen i 1986. Om kunsten hennar heiter det på Wikipedia: «Arbeidene hennes befinner seg i spenningsfeltet mellom bevisst enkel naivitet og kompleks metafysisk tilstand.»

Denne morgonen er måleriet derimot i ein tilstand av forsvinning.

«Portrett» av kunsttjuven

Men ein liten meter over åstaden står eit overvakingskamera.

Overvakingskamera på Grand Hotel Terminus

OBSERVERT: Kunsttjuven brydde seg ikkje om at det hang eit overvakingskamera ein meter over hovudet hans.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Me såg raskt gjennom videoen, og der fann me tjuven, fortel hotelleigar Kjetil Smørås til BA.

Han hevda han ikkje skulle stela, berre sjå litt på det. Haha, den var dryg!

Hotelleigar Kjetil Smørås

At dei fann han på opptaket, er ei mild underdriving, for videoen er ei nærstudie av mannen som viser han tydeleg, iført kaps og briller.

Overvakingsvideoen viser at tjuveriet hadde skjedd berre ein halvtime tidlegare.

Medan tjuven ventar på den rette augneblinken, kjem to tilsette forbi, før han tar eit skrujern ut av lomma.

Mannen lirkar måleriet laus, vippar det kjapt ned, og forsvinn ut av filmen.

Millionverdiar på veggane

Kjetil Smørås med måleriet som vart prøvd stole på Grand Hotel Terminus

FAKKA KUNSTTJUV: – Han påstod at han berre skulle sjå litt på det. Ha ha, den tykkjer eg var dryg! seier hotelleigar Kjetil Smørås.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Hotell Terminus har over 250 måleri på veggene. Samla er dei ifølge Smørås verd rundt fem millionar kroner, og kunsten vert omtala som ein viktig del av opplevinga på hotellet.

Dermed starta jakta på tjuven.

Til NRK fortel hotelleigaren at dei stengde av etasjen med vakter, og gjekk manngard frå rom til rom før politiet kom.

Dei tilsette på hotellet rekna med at mannen framleis var på hotellet. Det viste seg å stemma.

«Skulle berre sjå på det»

Mannen blei tatt på fersken på eit pauserom utan kameraovervaking. Der hadde han byrja å demontera lerretet frå ramma.

– Han blei ganske forfjamsa og prøvde seg først med å snakka tysk for å narra oss.

Hotellet varsla politiet som kom raskt til raskt og arresterte han.

– Han hevda han ikkje hadde planar om å stela, berre sjå litt på det. Den tykkjer eg var dryg, ler Smørås.

Måleriet som blei forsøkt stole på Grand Hotel Terminus

SNART TILBAKE: Måleriet står no klart til å bli hengt opp att på veggen etter tjuveriforsøket.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Fleire tjuveri i haust

Hotellet har ikkje hatt kunsttjuveri i Smørås si tid som eigar, før det i haust forsvann fire bilete. Smørås er overtydd om at mannen visste akkurat kva han ønska.

– I byrjinga av november forsvann eit måleri av den same kunstnaren med same framgangsmåten. Det var verd kanskje 100.000 kroner.

Overvakingsvideoen viste då ein mann som spaserte freidig ut frå hotellet med eit lerret rulla saman i bagen.

Hotelleigaren meiner dette var same mannen og håpar at alle kunsttjuveria no er oppklart.