Det store måleriet "Snekjøring ved Seinen" av Christian Skredsvig vert rekna som eit av dei viktigaste norske måleria frå siste halvdel av 1800-talet.
Det er millardæren Stein Erik Hagen som eig det store måleriet.
Før det hamna i Bergen har biletet henge på Nasjonalgalleriet i Oslo. Måleriet er no lånt ut til Bergen Kunstmuseum på ubestemt tid.
Direktør Audun Eckhoff seier han er svært glad for å ha kunstskatten hengande i Bergen Kunstmuseum, Lysverket.
- Det er viktig for museet sitt renommé å sikre seg eit slikt bilete, og måleri av denne typen er vanskeleg å få tak i, seier han.