Hopp til innhold

– Vi kan ikkje hente kven som helst

Styreleiar Rolf Barmen legg lista høgt over kven han vil ha inn portane på Brann stadion.

Rolf Barmen på Brann stadion

VIL HA KLASSESPELAR: Rolf Barmen vil at SK Brann skal hente ein klassespelar i kvart overgangsvindauge.

Foto: NRK

Det er under ei veke til alvoret startar for raudtrøyene. Søndag 30. mars reiser Brann austover for å møte Sarpsborg i den første serierunden i Tippeligaen.

Kvar dag denne veka tek NRK temperaturen på Brann stadion. I dag var den nye styreleiaren Rolf Barmen gjest. Då var det naturleg å spørje om klubben har planar om å hente inn forsterkingar før bortemøtet søndag.

– Nei, ikkje i dette vindauget, var svaret.

Vil hente toppspelarar i kvart vindauge

Men styreleiaren er klar på kva Brann må gjere på overgangsmarknaden i sommaren og i dei kommande vindauga.

– Eg ønskjer at vi i kvart overgangsvindauge kan hente inn ein spelar i toppen. Og då meiner eg i toppen, vi må hente inn dei beste, seier Barmen bestemt.

Han peikar på at Brann før 2014-sesongen har henta inn spelarar som Daniel Orlov, Vadim Demidov og Erlend Hanstveit.

– Vi må i alle fall ha ein slik spelar heilt i toppen i kvart vindauge, som dei andre spelarane kan strekke seg etter.

Artikkelen held fram under videoen

Kvar dag tar vi tempen på Brann stadion før seriestart søndag. I dag møtte vi styreleiar Rolf Barmen.

Sjå måndagens sending frå Brann stadion.

– Ikkje kven som helst

Barmen presiserer at det ikkje er sikkert at ein lukkast med dette i kvart vindauge, men at det er særs viktig for spelartroppen at klubben klarar å handle frå øvste hylle.

– Mitt premiss er at det må vera ein kanonspelar. Det kan ikkje vere ein kven som helst, det må vere ein klassespelar.

Men styreleiaren, som har over 300 kampar for Fyllingsdalen på 80- og 90-talet, meiner det er viktig at ein samlar seg bak og støttar dei spelarane som allereie er i klubben.

– Vi skal ha tru på dei vi har og vi skal ha tru på at dei skal løfte seg. Spesielt kantspelarane våre er unge og uerfarne, men dei har eit stort potensial, seier Barmen og viser til Kristoffer Larsen og Kasper Skaanes.

Meiner Brann er medaljekandidat

NRK sin fotballekspert, Magnus Johansson, likar det han høyrer frå Barmen.

– Det er godt å høyre at han vil hente kvalitetsspelarar og ikkje «nesten-spelarar». For vi har så mange dyktige talent i Hordaland og i Bergen. Dei treng einarane, klassespelarane, slik at dei får løfta seg fram. Det er ein god miks å ha, meiner Johansson.

Og om Brann får skikk på angrepsspelet samstundes som dei tettar att bak, trur Rolf Barmen det kan bli medalje på bergensarane.

I Tippeligaen i fjor vart det 47 mål i kvar ende, medan klubben slapp inn 50 mål i 2012-sesongen.

– Om vi kjem ned på 35–36 mål i mot, då trur eg vi er medaljekandidatar.