Hopp til innhold

Kubbe er stjerne i Japan

I Japan fins det både Kubbe-kake og Kubbe-kafé. Men eigentleg er Kubbe bergensar.

Kubbe er ein figur som har blitt til av illustratøren Åshild Kanstad Johnsen i Bergen. Dei siste to åra har det kome to bøker og ein app om den hyggjelege trekubben.

Åshild Kanstad Johnsen

Åshild Kanstad Johnsen gjer stor suksess som illustratør.

Foto: Privat

– Her heime har det gått sakte, men sikkert å få opp salstala. Men no ser det ut som folk har fått augo opp, seier Johnsen.

Big in Japan

Og no har Kubbe blitt stjerne i Japan.

– Det er jo veldig stas, seier Johnsen.

Kubbe er allereie på andre plass over mest selde biletbøker hos den japanske versjonen av nettbokhandlaren Amazon. Og for nokre dagar sidan kom filmen om Kubbe ut i teikneserielandet Japan.

Kubbe

Kubbe er blitt ein kjend figur både her heime og i det store utland.

Foto: Illustrasjon: Åshild Johnsen

Kake og vaskeklut

Og når japanarane lanserer norsk teiknefilm, gjer dei det på den japanske måten.

– Lanseringa var på ein nordisk kafe i Tokyo, men dei har laga eigne Kubbe-kaker og heile kafeen skal vere Kubbe-kafe i ein heil månad. Det er jo ein veldig japansk måte å gjere det på med effektar og greier, og veldig artig, seier Kubbeskaparen i Bergen.

I tillegg fins det både plakatar, vaskeklutar og andre effektar med Kubbemotiv på i Japan.

Kubbekafe

Sjølv om kafeen er nordisk, er Kubbe stjerne på japansk.

– Sprø miks

Johnsen har ikkje fått smakt på Kubbe-kakene enda, men rekk akkurat å komme til Tokyo før Kubbedekorasjonen vert rydda vekk.

– Det vert travelt, men spennande i Japan. Eg er veldig fascinert av alle tinga og innpakninga dei har på alt. I Tokyo fins det mykje rart, tradisjonell og moderne i ein sprø miks, seier Johnsen.

Kubbe

Japanarane likar effektar, og når Kubbe vert lansert, er det intet unntak.

Japansk uttrykk

Ho trur bøkene og filmen slår an på grunn av eit japansk-inspirert uttrykk.

– Teiknestilen og at det er mykje kvitt trur eg slår an der. I tillegg var dei på jakt etter noko nordisk då eg møtte dei på ei messe i Bologna for to år sidan, så det trefte vel bra.

Mykje japansk

Japan er ein gigant innan teikneseriar og illustrasjon. Og Johnsen har vore inspirert av det i arbeidet sitt.

– I mitt yrke får ein med seg mykje japansk, og eg har laga ein del i japansk stil. Med Kubbe var det ikkje eit strategisg grep å gå for det japanske, men det er nok ting som har festa seg, og som dei kjenner att, seier ho.

Kubbe på kafe

Slik ser det ut når Kubbe sjølv er på kafe.

Foto: Åshild Kanstad Johnsen / Illustrasjon

Meir på veg

Men to bøker, app og film er ikkje nok for Kubbe. Johnsen held på med ei tredje bok, som skal komme ut på nettbrett om ikkje så lenge.

– Den skulle eigentleg vere klar no snart, men eg må nok utsette det litt. Det er hektisk akkurat no, men kanskje eg har ho klar til hausten, seier ho.

Og å ting til nettbrett og smarttelefonar, er eit fint format, meiner illustratøren.

– Mange born har fått eit veldig nært forhold til Kubbe gjennom appen. Då kan dei trykke og vere meir med i historia, og eg har lyst å lage fleire slike ting, seier ho.

Vil lære vekk

Ho var sjølv veldig glad i bøker som gav læring då ho var liten, og håpar å bringe noko av det vidare. Men det er berre ein av mange ting som skal skje framover.

– Eg skal fyrst lage e-boka ferdig, og den skal sitje som eit skot. Og så har eg fått støtte til å lage ei bok om kjensler, eg veit ikkje heilt korleis den blir, men det er spennande, seier Johnsen.

Mange planar

Men ho veit ikkje korti og i kva rekkjefølgje ho skal gjere alt ho ynskjer.

– Eg har mange ting på tapetet, men eg likar å ikkje ha ein plan.

Nobel Bopel

Eit av fleire av Åshild Kanstad Johnsen sine illustrasjonar som heng på kafeen Nobel Bopel i Bergen.

Foto: Åshild Kanstad Johnsen / Illustrasjon

Suksess

Men tilbake til Kubbe. Er han vorten superstjerne?

– Næ, det syns eg er eit litt fælt ord. Han må få litt tid på å modnast, trur eg. Han oppnår jo mykje i bøkene og, så kanskje det kjem ei bok der suksessen går han til hovudet, ler Johnsen.

Er du vorten millionær i yen enda?

Hehe. Det skal vel ikkje så mykje til i den valutaen, eg trur ein kan bli det på eit år eller så, seier ho.