NRK Meny
Normal

Erna: – Det er sterkt å møte mennesker i sorg

KOKSTAD (NRK): I svart sørgedrakt kom kronprinsparet og statsminister Erna Solberg til pårørandesenteret på Scandic Bergen Airport hotell i dag.

I svart sørgedrakt kom kronprinsparet og statsminister Erna Solberg til pårørandesenteret på Scandic Bergen Airport hotell i dag.

Erna Solberg og kronprinsparet kom i dag for å vise støtte til dei pårørande etter helikopterulukke ved Turøy i går. – Det har vore sterkt å møte dei pårørande i dag, sa Solberg då ho kom ut etter besøket.

Kronprinsparet og statsminister Erna Solberg viste i dag si støtte til dei pårørande ved mottakssenteret på Scandic Bergen Airport hotell i dag.

– Det har vore sterkt å møte dei pårørande i dag. Det er alltid vondt å møte mennesker i sorg. Frå den yngste som er seks veker, til den eldste på over 80 år. Det viser spekteret av alle som er påverka av denne ulukka, sa statsministeren då ho kom ut etter besøket.

13 mennesker mista livet i helikopterstyrten ved Turøy, ei kvinne og tolv menn. Ei lang rekke kommunar på Vestlandet er i kriseberedskap for å hjelpe dei som har miste sine nære og kjære.

Statsminister Erna Solberg var svært prega då ho kom til hotellet. Rundt 100 pårørande er samla der.

Kronprinsparet på pårørendesenter

Erna Solberg og kronprinsparet kom i dag for å vise støtte til dei pårørande etter helikopterulukke ved Turøy i går.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I stor sorg

Det er ei roleg, nedstemt stemning på pårørandesenteret. Mange har valt å nytte seg av tilbodet som Statoil oppretta etter helikopterulukka ved Turøy i går.

Nokre bryt ut i tårer når dei kjem inn lobbyen, medan andre går roleg og held rundt kvarandre.

– Eg trur det var fint for dei pårørande å møte kronprinsparet, og at mange av familiane føler det norske storsamfunnet står saman med dei i sorga, seier statsministeren.

Kronprinsparet og statsministeren tok seg god tid til å snakke med dei pårørande. Dei har gått frå bord til bord for å snakke med alle som ønska det. Besøket som skulle vare i ein time blei nesten dobbelt så langt som planlagt.

Konprinsen har også vidareformidla ein kondolanse frå kong Harald og dronning Sonja.

Erna Solberg møter på pårørendesenteret

Kronprinsparet og statsministeren kom til Scandic Hotel Bergen Airport like før klokka 14.00 og tok seg god tid til å snakke med alle som ønskte det.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Ein treng mykje støtte i ein slik situasjon

Både prestar, politi, psykologar og andre helsetenester er der for å støtte opp under familiane i sorga .Ein av dei er krisepsykolog Arne Dyregrov.

– Folk har svært forskjellige behov Etter ei slik brutal hending som riv vekk liv er det ein tung situasjon der ein treng mykje støtte. Akkurat no er informasjon om kva som skjer vidare viktig for mange, seier Dyregrov.

Også mange frivillege har stilt opp for å støtte familiane. Med raude og lett gjenkjennelege vestar veit dei pårørande med ein gang kven dei skal henvende seg til.

Vil halde opent så lenge der er naudsynt

Statoil viste i går si takksemd for innsatsen dei frivillege har gjort. Konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre, har også møtt dei pårørande i dag.

– Eg er her for å dele sorga så langt det er mogeleg, og lytte til det familiane har å seie. Vi skal tilby all hjelp og assistanse vi kan på vegen vidare, sa han til pressa.

Statoil seier dei kjem til å halde pårørandesenteret opent så lenge det er naudsynt. Dei pårørande vil også få tilbod om å besøke ulukkesstaden og Gullfaks B, som er plattformen helikopteret reiste frå.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås