Hopp til innhold

Kronprisen av Dubai på ekstremsportferie på Voss

Kronprinsen av Dubai, Sjeik Hamdan bin Mohammed Al Maktoum, landa i føremiddag i Bergen med eit reisefølgje på 60. Prinsen skal feriere i ekstremsportbygda.

Flyet landa på Flesland tysdag morgon.

Flyet landa på Flesland tysdag morgon. Ingen vil seie kven kom kom i det.

Eit fly landa på Bergen Lufthamn Flesland i dag tidleg klokka 0845 som ikkje er eit vanleg rutefly. Ein Boeing 747, eller sokalla jumbojet. Ikkje lenge etterpå landa eit fly til som heller ikkje er eit vanleg rutefly. Ingen ville fortelje kven det var.

– Flya står her så lenge dei vil

– Flya har ikkje noko avgangstid eller fastsett neste destinasjon. Dei har gjort ein avtale med oss om at dei kan stå her til dei er klare til å reise igjen, seier Aslak Sverdrup, lufthamnsjef på Flesland.

Kor lenge skal dei stå her i Bergen da?

– Det veit eg ikkje. Det kan vere timar eller dagar.

– Kven eig flya?

– Det kan eg ikkje seie.

Kven har laga avtalane med Flesland da?

– Det kan eg ikkje seie.

Men du veit det?

– Jada. Eg veit det.

Jumbojeten har flagget til Dei forente arabiske emiratar på halen. På flagget kan ein òg sjå emiratane sitt offisielle emblem. Dette førte til spekulasjoner om kven det kunne vere.

Flagg på halen til flyet

Jumbojeten har flagget til Dei forente arabiske emiratar på halen.

Foto: Tim Wassmo / NRK

– Ferie eller oljeforretning?

Bergens Tidende spekulerte i om det kunne vere sjek Khalifa bin Zayed Al-Nahyan. Ein av dei rikaste monarkane i verda. Sjeiken er emir i Abu Dhabi, ein av dei sju statane som utgjer emiratane.

Knut S. Vikør er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved UiB, og har spesialisert seg på islam. Han meinte det kunne vere offisielle personar som besøker Norge for å diskutere oljeforretning.

– Kronprins skal hoppe fallskjerm

TV2 fortel at det kronprinsen av Dubai, Sheikh Hamdan Bin Mohammad Al Maktoum, som har kome til Vestlandet. Han og reisefylgjet på 60 personar har tysdag føremiddag reist til Voss for å hoppe fallskjerm. Og dette bekreftar Bjørn Magne Bryn frå Voss fallskjermklubb.

– Det er ikkje første gong me har besøk frå Dubai. Dei oppdaga ekstremsportbygda for fleire år sidan, men det er fyrste gong me har kronprinsen på besøk. Det er veldig kjekt at han er med. Han er veldig hyggeleg og veldig flink i sportsamanheng.

Bryn er ein av dei som skal syna fram kva Voss har å by på av ferieaktivitetar.

– Det blir fjell, fjord og foss og kanskje vindtunnel. Me veit ikkje kor lenge han skal vere her. Det bestemmer han sjølv.