NRK Meny
Normal

Kronprinsparet til Bergen for å besøka pårørande

Kronprinsparet og statsminister Erna Solberg kjem i dag til Bergen for å møta pårørande til dei omkomne etter helikopterulukka.

Kronprinsparet

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vil lørdag besøka pårørandesenteret som er oppretta i Bergen etter helikopterulukka fredag.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Saman med statsminister Erna Solberg (H) vil kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit besøka senteret som er oppretta på Scandic Bergen Airport Hotel.

Dei vil bli tatt imot av Statoil sin konsernsjef Eldar Sætre.

Både kong Harald, dronning Sonja og kronprinsparet avlyste fredag sitt besøk til Sverige i anledning kong Carl Gustav sin 70-årsdag grunna helikopterulukka.

NRK oppdaterer saka.

Siste video

Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.
Programleiar: Tale Hauso
Se 30 timers sending oppsummert på 63 sekunder.