Hopp til innhold

Kritisk til politipraksis

Jusprofessor Hans Fredrik Martinussen meiner politiet driv narkotikapolitikk når dei først gjev nokon bot for å ha brukt ulovlege rusmiddel, for så å ta frå dei førarkortet, skriv Bergens Tidende. Politidirektoratet avviste 98 av 103 vedtak der personar klaga på å ha mist førarkortet etter bruk av cannabis. Sivilombudsmannen har kritisert praksisen.

Professor Hans Fredrik Martinussen
Foto: Universitetet i Bergen