Hopp til innhold

– Dei toler ikkje å flytte ein gong til

Nedlagde Varaldsøy aldersheim opna igjen i dag, men berre mellombels. Neste år skal bebuarane flyttast på nytt. – Å flytte på dei igjen går ikkje, seier «husokkupanten» Mildred Hartveit (85) som har budd der sidan nedlegginga.

To år etter at Varaldsøy aldershjem ble stengt, åpnes dørene igjen.
Beboerne feiret i dag, men de frykter gleden blir kortvarig.

OPNAR MELLOMBELS: Mildrid Hartveit (85) og Torborg Skjelnes (94) nekta å flytte då Varaldsøy aldersheim blei lagt ned. I dag fekk dei åtte nye naboar, som skal bu der mellombels fram til ein anna aldersheim, Rosendalstunet, er klar til å ta dei i mot.

I dag opna Varaldsøy aldersheim dørene for åtte bebuarar, etter å ha vore stengt i to år. Gjenopninga er eit mellombels hastetiltak, for kommunen vil heller bygge ut aldersheimen i Rosendal.

Me protesterte veldig, men det hjelpte liksom ingenting.

Mildred Hartveit (85)

– Å tenke seg at det å opne for tre månadar vil gjere noko stort, det er å kaste blår i auga på folk, seier pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen.

Kva som skjer med bebuarane etter nyttår er det ingen som veit enda.

– Det er jo fint at dei opnar det opp att. Men det å opne det for nokre månadar, og ikkje tenke vidare drift, tykkjer eg er alvorleg.

Verdas eldste «husokkupantar»?

NRK har tidlegare fortalt om Varaldsøy aldersheim som blei lagt ned på grunn av dårleg kommuneøkonomi.

Rune Skjælaaen

KRITISK: – Me sa det alt den gongen at konsekvensen ville bli langt vanskelegare å få avlasting, og at terskelen for å få ein heildøgnsomsorgsplass vil bli langt høgare. Det har faktisk vist seg å stemme, seier pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

LES OGSÅ: Kommunen la ned sjukeheim – no må Johannes (96) flytta heim

Sidan dørene stengde har heimen stått tom sett vekk ifrå det som truleg er verdas eldste husokkupantar. Mildrid Hartveit (85) og Torborg Skjelnes (94) nekta å flytte då Varaldsøy aldersheim blei lagt ned. Dei prøvde å stoppe nedlegginga, men blei ikkje høyrde.

– Me protesterte veldig, men det hjelpte liksom ingenting, seier Mildred Hartveit.

I dag fekk dei åtte nye naboar som skal bu på aldersheimen fram til jul.

– Det er veldig bra for dei. Dei er jo her frå fleire av dei, og det er veldig kjekt å få dei heim, seier ho.

– Kan auke behovet for langtidsplassar

Kvinnherad kommune har vore ein relativt velståande kommune. Men i 2012 hamna kraft- og industrikommunen på Kommunal- og regionaldepartementet sit ROBEK-liste. Same hausten vedtok kommunen å legga ned sjukeheimen på Varaldsøy.

Viss ein har for få avlastningsplassar, så vil behovet for heiltidsplassar auke meir og meir.

Pasientombod Rune Skjælaaen

Pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen meiner ein burde kutte andre plassar enn i eldreomsorga.

– Kvinnherad har sikkert mange utfordringar dei. Men det er jo faktisk viktig å ta vare på eldre menneske, og å kunne gje avlasting til pårørande som har store omsorgsoppgåver er faktisk viktig. For det betyr at dei pårørande kan stå lenger i denne oppgåva. Viss ein har for få avlastningsplassar, så vil behovet for heiltidsplassar auke meir og meir.

– Aldersheimen burde aldri vore lagt ned

Skjælaaen meiner aldersheimen aldri burde vore lagt ned.

– Det burde den ikkje vore. Før dette blei vedteke sa me at ti prosent av omsorgsplassane i kommunen ville forsvinne når dei la ned aldersheimen, og flytta demente menneske der ifrå.

– Me sa det alt den gongen at konsekvensen ville bli langt vanskelegare å få avlasting, og at terskelen for å få ein heildøgnsomsorgsplass vil bli langt høgare. Det har faktisk vist seg å stemme.

– Krevjande å finne nok midlar

Ordførar i Kvinnherad kommune seier det er dårleg kommuneøkonomi som gjer at dei slit med å halde sjukeheimen oppe.

Ordførar Synnøve Solbakken

DÅRLEG KOMMUNEØKONOMI: – Me arbeider for å finne midlar og skaffe fleire inntekter til kommunen slik at me skal halde ope i 2015 og fram til det nye Rosendalstunet er opna, seier ordførar i Kvinnherad Synnøve Solbakken.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

– Det er krevjande å finne midlar til å halde drifta oppe til sjukeheimen i Rosendal er klar. Men det skal me klare håpar eg. Me arbeider for å finne midlar og skaffe fleire inntekter til kommunen slik at me skal halde ope i 2015 og fram til det nye Rosendalstunet er opna.

Mildred Hartveit vil gjerne halde fram med å bli buande på Varaldsøy aldersheim. Ho trur ikkje det vil vere mogleg å flytte dei åtte bebuarane som i dag flytta inn på nytt etter nyttår.

– Me er her me, seier ho og ler. Eg trur ikkje det går å flytte igjen. Å flytte på dei åtte som er kommen hit igjen går ikkje, dei toler ikkje det der.

LES OGSÅ: Denne videoen likte kommunen dårleg