NRK Meny
Normal

Kritisk til kronerulling for det rike sykkelforbundet

– Engasjementet er vakkert, men det har ein bismak når folk gir private pengegåver for å hjelpa ein så ressurssterk aktør som sykkelforbundet.

Folkefest på Landås under sykkel-VM

VIL BIDRA MOT UNDERSKOT: Begeistra og takksame tilskodarar har etter sykkel-VM gitt private pengegåver til sykkelforbundet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det seier kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende til NRK.

Gjevargleda eksploderte etter at det måndag vart meldt at Norges Cykleforbund i verste fall kan gå konkurs etter å ha arrangert nidagars sykkel-VM i Bergen.

Kronerulling for sykkel-VM

TOK INITIATIV: Eirin Watnedal starta kronerulling på Vipps til sykkelpresidentens private mobil.

Foto: Skjermdump

Sjølv om sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen avkrefta konkursfaren, tok ei rekke enkeltpersonar initiativ til kronerulling for å hjelpa VM-arrangøren.

Privatpersonar har via sosiale medier det siste døgeret gitt 9.600 bidrag på til saman 1,8 millionar kroner til det norske sykkelforbundet, medan det internasjonale sykkelforbundet krev omlag 60 millionar kroner for at Noreg fekk arrangera VM i Bergen.

Spleisefest

– Det var ein fantastisk fest. Me kan laga det til ein god spleisefest, seier Eirin Wathnedal, som oppmoda folk til å vippsa pengar direkte til sykkelpresidentens mobilnummer.

Sykkelforbundet oppretta i løpet av gårsdagen ein eigen konto for pengegåver.

– Eg er veldig overraska og takksam, seier Tiedemann Hansen.

Tirsdag kveld stadfestar han til BT at arrangementet gjekk i minus.

Frode Bjerkestrand, kulturredaktør i BT

BETENKT: Kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende.

Foto: Vegar Valde / BT

Bjerkestrand kallar den folkelege gjevargleda 'usedvanleg vakker'.

Eg gir pengar med glede for ei veke med gratis opplevingar.

Tilskodar

– Dette er Bergen og Vestlandet på sitt aller beste. Dugnaden for å hindra ein frykteleg bakrus for arrangørane er ein nydeleg respons på eit fantastisk arrangement.

– Ikkje greitt

Han er likevel kritisk.

– I utgangspunktet er det ikkje greitt at vanlege folk skal dekka underskotet etter verdsmeisterskapen. Prinsipielt er det eit problem at arrangøren ikkje har klart å budsjettera betre.

Harald Tiedemann Hansen

TAKKSAM: Norges Cykleforbund og sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen har hittil fått 1,8 millionar kroner i ein folkeleg pengedugnad.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det gir ein liten bismak når me veit at sykkelorganisasjonen internasjonalt cashar inn så mykje. Ein ide kunne vore å be det internasjonale sykkelforbundet gi ein slags begeistringsrabatt til Bergen for å skru ned kostnadane, meiner Bjerkestrand.

Det får vere nok at me laga folkefest om me ikkje i ettertid skal betala for det, óg.

Tilskodar

– Det vil jo sjå rart ut viss arrangementet går ut i null eller med eit lite overskot, og folk har gitt private pengar for å hjelpa ein så ressurssterk aktør som sykkelforbundet.

Økonomiprofessor Ola Grytten ved Noregs handelshøgskole (NHH) seier at det også er mange andre enn arrangøren som sit att med underskot etter sykkel-VM.

Ola H. Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole

MANGE ANDRE BLØR: Økonomiprofessor Ola H. Grytten oppmodar folk til handletur i Bergen sentrum, der mange næringsdrivande sleit økonomisk under sykkel-VM.

Foto: Helge Skodvin

– Hotella sleit med veldig lågt belegg. Butikkane og restaurantane hadde låg omsetnad. Mange andre næringsdrivande sleit med at folk ikkje kom på jobb.

– Kjøp heller noko i sentrumsbutikkar

Grytten oppmodar folk til å tenka på dei som driv næringsverksemd i byen og ikkje får dekka sine underskot.

– Det er det mange som blør etter sykkel-VM, og det blir på ein måte litt skeivt at sykkelforbundet skal få pengar. Ein kan jo kanskje ta seg ein bytur laurdag og kjøpa seg noko på ein kafé eller ei ekstra bukse.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit