Midlane frå departementet skal gje born frå fattige familiar møteplassar og fritidsopplevingar.
Slit sosialt
Forskning viser at fattige born oftare slit sosialt og føler seg isolerte.
Barne- og likestillingsminister, Karita Bekkemellem, meiner dette er med på å viska ut skilja mellom born, skriv Dagsavisen.
- Må ikkje bli ei sovepute
Bente Simonsen i Aksjonsgruppa mot sosial naud i Bergen er kritisk.
- Ein må gje foreldra meir pengar. Dette blir lett ei sovepute for regjeringa. Dei løyver pengar til fritidsaktivitetar, og det er me sjølvsagt glade for. Men som sagt, dette må ikkje bli ei sovepute, seier Simonsen.