- Foreldre reagerer på at verken rektor, lærere eller oss foreldre er tatt med på råd når det gjeld ei slik dramatisk omlegging, seier foreldrerepresentant Lena Sørbotten.
Morsmålsundervisninga i Bergen foregår i dag kontinuerleg ved at læraren kjem til elevane ein eller fleire gonger i veka. Byrådet vil no endra dette og i staden gje elvane undervisning i meir konsentrerte bolkar. Dermed kan det går fleire månader mellom kvar gong ein framandspråkleg elev møter morsmållæraren sin. Foreldra trur dette kan få alvorlege følgjer for barna:
Mister kunnskap
-Barna får ikkje den hjelp og oppfølging de trenger. De vil miste kunnskap. De vil bli en falle etter i progresjonen fordi de ikke klaere å følge den undervisninga dei andre får, seier Sørbotten.
Alle barn med ein eller to utanlandske foreldre får i dag tilbod om morsmålsundervisning. Til saman gjeld dette 1200 barn i Bergen. Ein stor del av desse kjem frå innvandrarfamiliar, og det er for desse Sørbotten fryktar dei verste konsekvensane.
-Dei må kunne morsmålet sitt for å lære norsk. Dei treng å omsetta for eksempel lekser til morsmålet,slik at foreldra kan hjelpe.
Misunnelege
Foreldra vil no kjempa mot omlegginga av morsmålsundervisninga. Dei krev å blir høyrde av politikarane og at bystyret behandlar saka. Dagens tilbod er i fylgje foreldra det beste.
-Den modellen Bergen har i dag har fått stor oppmerksomhet i resten av landet, mange er misunnelege på den ordninga som etter vår oppfatting fungerar ypperleg.