Mann livstrugande skadd etter vald i Vaksdal

Ein mann i 30-åra ligg kritisk skadd på Haukeland sjukehus etter ein valdsepisode i Vaksdal i helga. Politiet har arrestert ein person.

Laster kart, vennligst vent...

Til Vaksdalposten fortel politiførstebetjent Jostein Skeie ved Voss lensmannskontor at dei rykka ut til husbråk på Vaksdal klokka 04.30 natt til søndag.

– Her vart me gjort merksame på at ambulansen ein time tidlegare hadde henta ein person som vart slegen ned på plassen utanfor Vaksdal Senter, seier Skeie til avisa.

Det var Avisa Hordaland som først melde om valdsepisoden.

Mannen som vart køyrt vekk skal ha hatt alvorlege hovudskadar, og måndag melde Haukeland sjukehus at han var kritisk skadd.

Mann i 20-åra arrestert

– Han vart først frakta til Voss sjukehus, men deretter sendt vidare til Haukeland sjukehus med luftambulanse, fortel politioverbetjent Einar Bystøl til NRK tysdag.

Mannen låg skadd på bakken utanfor restauranten Gullbar ved Vaksdal senter.

– Siste vi har høyrt frå Haukeland er at den fornærma har alvorlege hovudskadar men at tilstanden er stabil, seier Bystøl og legg til at saka har høg prioritet på lensmannskontoret på Voss.

Han fortel at politiet same natta arresterte ein mann i 20-åra mistenkt for ugjerninga.

Sleppt fri

Mannen i 20-åra vart sett i politiet sin varetekt og har blitt avhøyrt. No er han sleppt fri av politiet. Både fornærma og mistenkte er heimehøyrande i Vaksdal kommune.

– I tillegg har vi vore i kontakt med og avhøyrt opp mot 15 personar. Vi har fleire namn på blokka også så vi vil halda fram med avhøyr i dagane framover.

Bystøl vil ikkje seie noko om kva den mistenkte har forklart, av omsyn til etterforskinga.

Framleis kritisk

I ei pressemelding tysdag melder Haukeland sjukehus at tilstanden til den valdsutsette mannen framleis er kritisk.

Politiet er interessert i å koma i kontakt med folk som har kjennskap til hendinga. Valden skal ha skjedd utanfor restauranten Gullbar, kring klokka 03.30 natt til søndag.

Har du tips i saka kan du kontakta politiet på telefonnummer 02800.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.