Hopp til innhold

16-åringar kritisk og alvorleg skadde etter møteulukke med moped

To 16 år gamle gutar er sendt til sjukehus etter ei mopedulukke i Nordhordland.

Mopedulykke på Seim

FRAKTA I LUFTAMBULANSE: To mopedførarar er frakta vekk i luftambulanse etter ein kollisjon i Lindås i Nordhordland.

Foto: Adrian Villanger/Villanger Media / NRK

Meldinga om ulukka kom like før klokka 17 laurdag ettermiddag. Ulukka skal ha skjedd i eit bustadfelt på Seim i Lindås kommune.

– Det er meldt om store materielle skader. Eg får akkurat beskjed om at luftambulansen tek med seg begge dei to førarane, sa operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt klokka 17.25.

Laster Twitter-innhold

Éin frakta i luftambulanse

Tre kvarter seinare opplyser politiet at dei to mopedførarane blir omtala som høvesvis kritisk og alvorleg skadde.

– Dei to er frakta til Haukeland sjukehus, den eine i luftambulanse og den andre i vanleg ambulanse. Helsepersonell på staden omtalar dei to som alvorleg og kritisk skadde, seier Næss.

Mopedulykke på Seim

MØTEULUKKE: Kollisjonen skal ha skjedd i samband med ein bakketopp, ifølgje politiet.

Foto: Adrian Villanger / Villanger Media

Skjedd i samband med ein bakketopp

Ulukka er ei møteulukke og har skjedd i samband med ein bakketopp, ifølgje politiet.

Det er ikkje kjent kva fart dei to mopedane hadde då dei kolliderte.

Politiet opplyste først på Twitter at dei involverte skulle ha fått brotskaderm. Seinare viste det seg at skadene var meir alvorlege.

Mopedulykke Seim Lindås