Hopp til innhold

To arresterte etter at 21-åring vart knivstukken i Bergen

Ein 21 år gammal mann er kritisk skadd etter at han vart stukken med kniv på ein fest i Damsgårdsveien. To personar er arresterte etter knivstikkinga.

Knivstikking i Damsgårdsveien i Bergen

KNIVSTIKKING: I dette huset i Damsgårdsveien i Bergen vart ein 22-åring natt til sundag stukken med kniv.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

SISTE: Etter å ha vorte operert på Haukeland universitetssjukehus skal 21-åringen vera utanfor livsfare.

Klokka 03.30 natt til sundag fekk politiet melding om at ein mann var stukken med kniv i ein leilegheit i Damsgårdsveien på Laksevåg i Bergen.

– Me rykka ut og fann ein person som var stukken i magen, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Hordaland politidistrikt.

Det var ni personar i huset då politiet kom til staden. Alle var tatt med av politiet. Ein av desse, ein 19 år gammal mann, vart arrestert og har status som mistenkt.

Hadde stukke frå huset

– Etter kvart viste det seg at det var enno ein person i huset då knivstikkinga skjedde, men som hadde reist frå staden, seier Kolltveit.

Denne personen, ein 22 år gammal mann, vart arrestert i Bergen sentrum klokka 09.10 sundag morgon.

Utanfor livsfare

Offeret er operert på Haukeland universitetssjukehus og er alvorleg skadd, men skal no vera utanfor livsfare.

Politiet kan førebels ikkje svara på kven av dei to arresterte som skal ha stått bak sjølve knivstikkinga.

– Det må me få svar på gjennom vidare etterforsking og gjennom avhøyra med dei andre som var i huset, seier operasjonsleiaren.

Har avhøyrd vitnene

Politiet har i dag avhøyrd fleire av deltakarane på festen, der det i alt var ti personar då knivstikkinga fann stad.

Kristin Harstad, jourhavande politijurist

AVHØYR: Politiet har avhøyrd fleire av vitna til knivstikkinga.

Foto: Kristin Harstad / NRK

– Me har hatt avhøyr med ein god del av vitnene i dag, dei to som er sikta er ikkje avhøyrd, seier jourhavande politijurist Kristin Harstad ved Hordaland politidistrikt.

Politiet vil avhøyra 19-åringen og 22-åringen som formelt sett er sikta for knivstikkinga, i løpet av dagen.

Den 21 år gamle offeret er heller ikkje avhøyrd.

– Han er ikkje i stand til det no, seier Harstad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.