Hopp til innhold

Meiner kommunetilsette sløser bort arbeidstida på reising

Pengar som skulle ha ført til betre bymiljø i Bergen, vert sløst vekk på dårleg organisering, meiner byutviklingsbyråd Henning Warloe (H).

Henning Warloe

– BERRE TULL: Å reise ein heil dag fram og tilbake for eit møte på ein halvtime er berre tull, seier byutviklingsbyråd Henning Warloe (H). No vil han mellom anna kutta i reisene til politikarar og byråkratar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etter fire månadar som klima, miljø og byutviklingsbyråd i Bergen seier Henning Warloe (H) det rett ut. Han meiner skattepengane som vert brukt til miljø- og klimaarbeid i Bergen ikkje vert godt nok utnytta.

– For eksempel når det gjelder satsinga på sykkelvegar i Bergen. Avgjersler er vedtatt, det ligg inne i planane, og det er løyva pengar til dette. Likevel så sviktar det på å gjennomføre og få sett ting i gang. Det tek mykje lenger tid enn det burde gjere, seier Warloe.

LES OGSÅ: Her sykler han med hjertet i halsen hver dag

Vil kutte i reiseutgiftene til politikarane

Ei anna oppdaging Warloe har gjort, er at kasse på kasse med dyrt utstyr til videokonferansar står ubrukt på rådhuset. No ber han både byråkratar og politikarar om å skjerpa seg.

Å bruke ein heil arbeidsdag på å reise fram og tilbake til eit møte som varar ein halv time er berre tull.

Henning Warloe (H)

– Eg ser at ein stort sett reiser som før og deltek på møter kring om i landet som vanleg. Dette videokonferansesystemet kunne blitt brukt mykje meir aktivt.

No vil han mellom anna kutta i reisene til politikarar og byråkratar.

– Frå eit langt politisk liv veit eg at mykje reiseaktivitet syner seg å vere veldig lite effektivt. Ein brukar ein heil arbeidsdag på å reise fram og tilbake til eit møte som varar ein halv time. Det er jo berre tull, seier Warloe.

Meiner det går for treigt

Warloe meiner det er gjennomføringskrafta i eiga avdeling det skortar på.

– Problemet er ikkje alltid pengar. Problemet er å få gjennomført vedtak ein er einige om og som ein også har pengar til. Det har synt seg å vere langt vanskelegare enn det mange har trudd.

I budsjettvedtaket som vart gjort i bystyret i går, er det løyvd pengar til omorganisering på byutviklingsfeltet i Bergen.

LES OGSÅ: Ekspert slaktar sykkelbyen Bergen