Kritiserer politikar for dobbelrolle

Høgrepolitikar og eigedomsutviklar får kritikk for å ha hatt ei dobbelrolle under utbygginga av Straumesundet i Fjell kommune. – Det kunne ikkje vore fleire hattar på det hovudet, seier leiar for motstandarane.

Liv Strømme

KRITISERER POLITIKAR: Liv Strømme har stått i bresjen for motstandarane av utbygginga i Straumesundet i Fjell kommune. Ho meiner politikar og eigedomsutviklar Ernst Einarsen har hatt ei tvilsam dobbeltrolle når planane for Straumesundet blei lagt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fjell kommune har fått sterk kritikk for å ha fylt steinmassar i Straumesundet, for å gje plass til blokker med 250 bustader og næringsbygg.

Liv Strømme som har stått i bresjen for motstandarane, meiner eigedomsutviklar og Høgre-politikar Ernst Einarsen i Fjell kommune har hatt politisk makt til å få gjennom sitt eige utbyggingsprosjekt.

– Han har ei tvilsam dobbeltrolle fordi han både har vore utbyggar og medlem i komité for plan- og utvikling då planane for Straumsundet blei vedtatt.

– Me har møtt han i alle roller. Det kunne ikkje ha vore fleire hattar på det hovudet på det tidspunktet, seier Strømme.

LES OGSÅ: Bod fekk nei, 200 bustader fekk ja - Hordaland

– Han kan ikkje klandrast for noko

Eli Berland

AVVISER KRITIKKEN: Einarsen kan ikkje klandrast for noko, seier Fjell ordførar Eli Berland.

Foto: NRK

Einarsen sit i si andre periode som medlem i kommunestyre i Fjell. 51-åringen har ei rekke verv i næringslivet rundt Sartor og Straume, som både styreleiar, administrerande direktør og styremedlem (sjå faktaboks).

Høgre-ordførar Eli Berland avviser at partikollega Einarsen som politikar har kunne påverke kommunen sine rammer for hans eigne kommersielle interesser i Straumeområdet.

– Det fell på si eiga urimelegheit. Han har overhovud ikkje vore med og behandla noko som helst som har med dette prosjektet å gjere.

– Eg ser ikkje at han kan klandrast for noko som helst, seier Berland.

– Har alltid meld meg ugild

Høgrepolitikar og eigedomsutviklar Ernst Einarsen har mange eigedomar og leiarposisjonar i og rundt Sartor senter. Han seier han alltid har meld seg inhabil i saker som gjelder dette området.

– Eg har vore med i arealplanarbeid. Men i alle sakene som har med Straume å gjere, har eg meld meg ugild.

– Motstandarane har møtt meg fordi eg deltek i den politiske verksemda på alle andre områder. Så held eg meg vekke når det gjelder område der eg har interesser.

– Me blei nekta å legge fram vårt syn på saka

Fylling ved Bildøy

STRAUMESUNDET: Fjell kommune har lagt svære steinfyllingar ut i Straumsundet for å gi plass til blokker med 250 bustader pluss næringsbygg.

Foto: Kjell Jøran Hansen

Liv Strømme fortel at då Einarsen presenterte sine utbyggingsplanar for den komiteen han sjølv sat som politikar i, vart motstandarane nekta å legga fram sitt syn.

– Var det ei merkeleg rolle å presentere planane som utbyggar i den komiteen du sjølv sit i?

– Nei. Det er ein presentasjon. Det er noko alle utbyggjarar gjer, seier Einarsen.

Han avviser at han som lokalpolitikar har hatt meir makt og påverknad enn det utbyggjarar vanlegvis har.

– Politikarane kjenner mi rolle i dette. Det vil heller vere motsett, at dei vil vere uroa for at dei skal bli tatt for å springe i mine interesser. Eg trur avstanden min er mykje større enn den er til andre utbyggjarar som forsøker å påverke sakene sine.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.