Hopp til innhold

Meiner havari-etterforsking er ute av styring

Sju månadar etter helikopterhavariet i Røldal har politiet inga avklaring om promillemistanken mot piloten, eller blodprøvetjuveriet. Piloten sin forsvarar, Sveinung Eliassen, meiner etterforskinga er ute av påtalemessig styring.

Helikoterstyrt i Røldal

INGEN SKADDE: Helikopteret knakk i to, men verken piloten eller dei fire passasjerane vart skadd.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix

Under Røldal Freeride Challenge i slutten av april styrta eit helikopter frå Fonnafly i snøen ved Røldal skisenter.

Helikopteret knakk i to, men verken piloten eller dei fire passasjerane vart skadd.

Piloten vart alkotesta på ulukkesstaden og er mistenkt for promillekøyring. Men blodprøven han avga på Odda lensmannskontor like etter, forsvann same helga. Politiet meiner den vart stole.

Nabolensmannen i Kvinnherad etterforskar mistanken om promillekøyring og bevistjuveri, medan Spesialeininga for politisaker etterforskar politiet si rolle då blodprøven forsvann.

Kan ta tid

Etterforskingsleiar Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor har tidlegare sagt at etterforskinga kunne vera ferdig i oktober. Nå kan han ikkje anslå nokon sluttdato.

– Lensmannskontoret ikkje har kapasitet til å prioritera saka høgare. Til dømes må vald- og overgrepssaker gå framfor, seier han til NRK.

Den påtaleansvarlege i saka er Bertil Rønnestad ved Hordaland politidistrikt:

– Det gjenstår ein del etterforskingsskritt. Eg er trygg på at saka får den prioriteten som er nødvendig, seier han.

Vitna til ulukka er ferdig avhøyrt, men eit par andre vitne er kalla inn til avhøyr den næraste tida.

Får ikkje fly

I mellomtida kan den promillemistenkte mannen ikkje jobba som pilot, fordi han er fråteken sertifikatet medan etterforskinga går føre seg.

Fonnafly har tidlegare sagt at dei har nulltoleranse mot promillekøyring.

Dagleg leiar Sverre Underbakke ventar på ei eventuell straffesak før han vurderer framtida til piloten i selskapet.

– For tida legg me til rette for at han skal ha ein grei kvardag, seier Underbakke til NRK.

Helikopterstyrt i Røldal
Foto: Egil Torheim

– Ute av styring

Sveinung Eliassen, som forsvarar den promillemistenkte piloten, reagerer på den belastninga piloten blir påført av at etterforskinga av helikopterhavariet og den forsvunne blodprøven drar slik ut.

– Etterforskinga er ute av påtalemessig styring, seier Eliassen til NRK.

Han vil ikkje utdjupa dette ytterlegare.

Politiet vil ikkje kommentera kritikken frå forsvararen.

Ifølge Børve har piloten ikkje gitt fullstendig forklaring, fordi avhøyret like etter ulukka ikkje vart sluttført.

– Piloten har vore inne til eitt nytt avhøyr i Kvinnherad i haust, men ville ikkje forklara seg, seier Børve.

Piloten seier sjølv til NRK at han har forklart seg ferdig, og at han etter råd frå forsvararen ikkje har meir å seia til politiet.

Vil ha nye avhøyr

Lensmannskontoret vil likevel prøva ein gong til:

– Piloten vil bli innkalla på nytt, seier Børve.

– Piloten har gitt forklaring til Spesialeininga for politisaker, opplyser forsvarar Eliassen.

Regionleiar Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga reknar med at dei før midten av desember vil konkludera om politiet gjorde noko feil i samband med det antatte tjuveriet.

Rapport innan april

Medan lensmannskontoret ikkje kan gi denne etterforskinga høgste prioritet, sa også Havarikommisjonen denne veka at dei ikkje prioriterer å få saka ferdig raskast mogleg. Ifølge avdelingsleiar Kåre Halvorsen i Luftfartsavdelinga vil kommisjonen levera sin sluttrapport innan eitt år etter ulukka, altså i april 2014:

– Vi har prioritert å ta andre saker før denne, så lenge vi nå har samla dei nødvendige informasjonane.

Politiet og Havarikommisjonen har ulike versjonar av om dei ventar på kvarandres konklusjonar.

Etterforskingsleiar Børve seier politiet treng å samordna sin dokumentasjon med Havarikommisjonen, som altså ikkje er ferdig før i april.

Avdelingsleiar Halvorsen i kommisjonen avviser derimot at dei ventar på konklusjonen av politietterforskinga:

– Nei, ikkje i denne saka. Vi samarbeider med politiet på ulukkesstaden, men ikkje i forhold til samtaler, analyser og den slags.

– Ikkje teknisk feil

Sjølv om dei kjem med sluttrapporten i april, har Havarikommisjonen allereie slått fast at helikopterstyrten ikkje skuldast tekniske feil.

– Vi har ikkje funne nokon tekniske feil knytt til helikopteret.

– Så det er utelukka?

– Det betyr at vi ikkje ser vidare på det, og eg kan ikkje sjå at det ikkje var nokon tekniske feil ved helikopteret då ulukka skjedde, ja, seier Halvorsen.

Torsdag fortalde NRK at politiet og Havarikommisjonen har eit filmopptak som den eine passasjeren gjorde av turen og havariet:

– Det er jo veldig nyttig for Havarikommisjonen. Det er med og stadfestar funna vi har gjort på helikoptervraket og på ulukkesstaden, seier Halvorsen.

– Er heile flyturen, inkludert krasjet, filma?

– Den delen som er viktigast for oss, er filma, ja.

Halvorsen vil ikkje kommentera om passasjeren sin film frå cockpiten viser risikoflyging eller indikasjonar på promillekøyring.

Heller ikkje etterforskingsleiar Sigurd Børve i Kvinnherad vil kommentera filmen som bevismateriale før etterforskinga er ferdig.