Hopp til innhold

Går i strupen på ernæringsterapaut

Det er uheldig å åtvare mot å gje barnehagebarn brød og mjølk, meiner ernæringsfysiolog. – Lågkarbo er trendy, ikkje nødvendigvis sunt, seier Aslaug Drotningsvik.

brød

SKEPTISK: Ernæringsterapeut Eireen Line Schwaiger oppfordrar foreldre til å droppe brød og mjølk til barnehagebarn. Det får ernæringsfysiolog Aslaug Drotningsvik (bildet) til å reagere.

Foto: NRK/montasje

– Når ein gir råd som går på tvers av anbefalingane staten kjem med, så er det alltid grunn til å stille spørsmål ved truverda, seier Aslaug Drotningsvik som er klinisk ernæringsfysiolog.

Denne veka gjekk ernæringsterapeut Eireen Linge Schwaiger ut i Indre akershus blad og åtvara mot å gi barnehagebarn mjølk og brød. Det får Drotningsvik til å reagere.

– Det er veldig viktig å legge gode kosthaldsvanar for barn og unge tidleg. Då bør råda og vere basert på eit godt vitskapeleg fundament. Det er ikkje desse, seier Drotningsvik.

– Farleg å la seg påverke av trendar

Aslaug Drotningsvik seier at råda Schwaiger gir, strir mot dei offentlege kostråda. Ho meiner det er uheldig å oppfordra folk til å kutte ut mjølk og brød utan god nok dokumentasjon.

– Råda frå staten er godt dokumentert, og er basert på vitskapeleg forsking. Ein kan ikkje berre plukke ut visse delar av informasjonen som ein trur på sjølv, seier ho.

– I utgangspunktet skulle ein jo tru at ein bachelorgrad i ernæring kvalifiserte til å handtere vitskapeleg informasjon på ein god måte, det er eg ikkje sikker på om blir gjort i dette tilfelle, meiner Drotningsvik.

Ho legg til at mange lar seg påverke av trendar innan kosthald.

– Det har jo vore trendy med lågkarbo ganske lenge. Men berre fordi at noko er trendy og går igjen i media, så betyr ikkje det at det er riktig, seier Drotningsvik.

– Står på sitt

Schwaiger

ÅTVARAR MOT MJØLK OG BRØD: Eireen Linge Schwaiger meiner barnehagebarn burde halde seg unna mjølk og brød.

Foto: Privat

Eireen Linge Schwaiger meiner det er mange andre ting enn brød og mjølk ein burde velje når ein pakkar matpakke til barna.

– Det er mykje anna mat ein heller bør velje for barna. Meir grønnsaker, kjøt og fisk. Viss ein absolutt skal ha brød vil eg anbefala heimelaga, seier Schwaiger.

Ho meiner noko årsaka til skepsisen kjem av gamle vanar.

– Vanar er godt innarbeidd i oss og tek tid å endra. Men eg ser ofte betring ved å kutte ut mjølk hos barn med til dømes autisme. Det er ikkje alle som er allergiske mot mjølk, men hos dei som er det, ser me også søvnvanskar, hudproblem og magetrøbbel har blitt betra hos barn etter at me har kutta mjølk.

– Bør følgje statens råd

Drotningsvik meiner derimot at skular og barnehagar i offentleg regi bør ta omsyn til dei kosthaldsråda som staten har anbefalt.

Ifølgje Indre Akershus blad skal Schaiger ut til fleire barnehagar for å undervise om kosthald.

– Eg har enno ikkje avtalar med barnehagar, men eg håpar å få til dette på sikt, seier ho.

– Eg hadde blitt veldig skeptisk viss eg hadde hatt barn i ein barnehage der dei hadde betalt for å få informasjon som ikkje er vitskapeleg bevist, seier Drotningsvik.