Hopp til innhold

Krisepsykologi kan gjera det verre

Fagfolk knivast om nytteverdien av krisepsykologi etter traumatiske hendingar.

Psykolog (Illustrasjonfoto)

Psykologhjelp. Illustrasjonsfoto

Foto: colourbox.com

Forsking viser at krisepsykologi i verste fall kan gjera vond verre.

Mette Valle er ein av dei som overlevde Utøya. Ho har fått hjelp av krisepsykologar etter hendinga.

– No i det siste har det byrja å gå meir og meir opp for meg kva eg eigentleg har vore med på. Eg slit difor meir med søvn, men eg prøver så godt eg kan, og veit at eg må både sova og eta for å kunna fungera, seier Valle.

– Har opplevd mykje som er vanskeleg å bera

Mette Valle overlevde marerittet på Utøya, men ho blei vitne til at vener blei drepne, og det må ho alltid leva med.

– Eg trur det er veldig viktig at me får oppfølging etter å ha vore med på ei slik hending som det var på Utøya. Eg vil nytta meg av det, fordi eg merkar sjølv at eg har sett og opplevd mykje som er vanskeleg å bera, seier Valle.

LES OGSÅ: Høyr historia til Mette Valle

Må ha meir enn eit møte

Fokuset på krisepsykologi har auka dei siste åra, og no skal alle kommunar ha kriseteam i beredskap.

Men viss dei som er råka av ei krise berre får eitt enkelt møte med den som skal hjelpa, kan krisepsykologi gjera vond verre. Det viser ein gjennomgang Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har gjort av forsking på feltet.

– Når det gjeld ein enkelt debriefingsamtale, så har me ingen grunn til å tru at det er effektivt, seier prosjektleiar Hege Kornør i Kunnskapssenteret.

– Dei som ikkje har fått debriefing kjem faktisk betre ut når det gjeld angst og traumerelaterte symptom, forklarer ho.

Viktig med sosialt nettverk

Jakob Inge Kristoffersen ved Senter for Krisepsykologi meiner dei som kjem dårleg ut etter å ha fått debriefing har fått dårleg hjelp.

– Eg har halde på med dette i 25 år no. Eg har vore i situasjonar der eg har vore hos ein familie som har mista nokon, vore der i to-tre-fire timar og prata, og så kanskje berre hatt telefonkontakt. Men det gjeld familiar som har eit solid sosialt nettverk, og i vårt samfunn i dag har ikkje alle familiane det, seier Kristoffersen.