NRK Meny
Normal

Kripos vert kopla inn i Loddefjord-saka

Gunnar Fløystad, visepolitimeister i Hordaland, stadfestar at dei har kopla inn Kripos i etterforskinga av saka der ein 62 år gamal mann blei funnen død i Loddefjord. Stesonen (28) er sikta for dødsvalden.

fengsla

FENGSLA MÅNDAG: Politihundar gjorde søk utanfor bustadblokka i Loddefjord fredag. Den sikta erkjenner ikkje straffskuld. Han er fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var førre fredag klokka 18.54 at politiet fekk melding om ein livlaus person i ein bustad i Vadmyra i Loddefjord i Bergen. På grunn av spor og funn i bustaden, samt skadane på avdøde, sette politiet straks i gong drapsetterforsking. Den 62 år gamle mannen blei funnen med store hovudskadar.

Dagen etter blei stesonen til den 62 år gamle mannen arrestert og sikta for å ha slått i hel stefaren. Etter det NRK kjenner til, skal sikta ha forklart i avhøyr at han var i basketak med 62-åringen fredag, men erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga.

Fengsla i fire veker

Janne Heltne

AKTOR: Janne Heltne er aktor i saka der ein 28-år gamal mann er sikta for lekamskrenking med døden til følgje.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Måndag blei 28-åringen, som nektar straffskuld, varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei to første i full isolasjon.

– Grunnjevninga til brev- og besøksforbod er bevisforspillelsesfaren, seier politiadvokat Janne Heltne.

– Vidare no ventar me på svar frå krimtekniske undersøkingar. Det blir henta inn informasjon frå mellom anna videoovervaking og vitne, seier Heltne.

På spørsmål frå dommaren om sikta ville anke varetektsfengslinga, svara sikta at han tek betenkningstid.

Den sikta er i tillegg meldt for grov vald mot ein kamerat, fire dagar før hendinga i Loddefjord. Det var VG som først omtala saka.

Valdsepisoden fann stad i Høyanger, natt til tysdag førre veke. 28-åringen skal då ha brote seg inn i bustaden til ein kamerat og brukt grov vald. Fornærma blei sendt til sjukehus i Førde.

– Me har registrert at det er ei sak der. Me vil no opprette kontakt med politiet der oppe for å få nærmare opplysningar om denne saka, seier Heltne.

Har bede Kripos om hjelp

Gunanr Fløystad

KOPLAR INN KRIPOS: Gunnar Fløystad, visepolitimeister i Hordaland, stadfestar at dei har kopla inn Kripos i etterforskinga av saka der ein 62 år gamal mann blei funnen død i Loddefjord.

Foto: NRK

Visepolitimeister i Hordaland, fortel no at dei har kopla Kripos inn i etterforskinga av saka.

– Når det gjeld denne saka har me henvendt oss til Kripos for å få bistand til taktisk etterforsking og me vurderer også å be om hjelp til analysebistand.

– Kvifor ber de berre om hjelp i den eine saka?

–Det har jo å gjere me kor kompleks saka er. Me meiner at i denne saka er det naturleg å be om hjelp frå Kripos. Denne saka er meir kompleks enn til dømes drapssaka i Fyllingsdalen, utan eg skal gå meir inn på detaljen, seier Fløystad til NRK.

Avdøde vart obdusert ved Gades institutt i Bergen søndag, men konklusjonen av den er ikkje kjent.

Intervju med Tore Salvesen om dødsfallet i Loddefjord.

OM DØDSFALLET: Intervju med politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon om dødsfallet i Loddefjord.

Siste video

Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås