Hopp til innhold

Krigar om haldeplassane - no blir det rettsak

I dag tapte FlybussBergen konkurransen om å få bruke den eine haldeplassen utanfor terminalen på Flesland lufthavn.

FlybussBErgen på Flesland

KRIGAR OM HALDEPLASSANE: Utanfor hovudinngangen ved terminalen på Bergen lufthavn Flesland er det to busshaldeplassar. Flybuss Bergen får ikkje bruke nokon av dei.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Tide flybuss har fått anbodet på busshaldeplassane utanfor terminalen på Bergen lufthavn Flesland. Det slår Avinor fast i ei pressemelding i dag.

Utanfor terminalane ved hovudinngangen er det i dag to haldeplassar, no får altså Tide flybuss bruke begge haldeplassane.

Hevdar FlybussBergen manglar pengar

Robert Aasmul

URETTFERDIG: Robert Aasmul i Flybuss Bergen meiner det er urettferdig av Avinor å ikkje la Flybuss Bergen få vera med i anbodsrunden.

Foto: Privat

Administrerande direktør i FlybussBergen, no Flybuss 1, Robert Aasmul, er ikkje overraska over at Tide flybuss fekk anbodet på begge busshaldeplassane.

– Det er vel eigentleg som forventa når Avinor har kasta oss ut av konkurransen, og sagt at vi ikkje får vera på med anbodsrunden, seier Aasmul.

Kommersiell sjef i Avinor, Aina Tysse, hevdar at Flybuss Bergen ikkje oppfylte kravet om tilstrekkeleg økonomisk gjennomføringsevne, og difor ikkje fekk vera med i konkurransen.

– Kva grunnlag har de for å anta at FlybussBergen ikkje har moglegheit til å betale leige?

-– Vi har evaluert det tilbodet som har kome inn i tilbodsprosessen. Ut i frå det har vi sett at dei ikkje kan oppfylle krava om tilstrekkeleg økonomisk gjennomføringsevner, seier Tysse.

– Eit syltynt argument

FlybussBergen er eit nytt selskap, og Aasmul meiner det er merkeleg at Avinor meiner at selskapet ikkje greier å betale leiga for haldeplassen.

– Vi har ein organisasjon som omset for 100 millionar i året. Å betale dei tusenlappane det kostar å leige haldeplassen er ingen problem. Dette er eit syltynt argument frå Avinor.

– Vi har altså ikkje fått konkurrere om plassane, og Avinor har berre valt ein leverandør. Oss har dei kasta ut, samstundes som dei gir begge haldeplassane til Tide flybuss, seier Aasmul.

I praksis betyr det at FlybussBergen må sette av, og hente passasjerane utanfor området til Avinor.

Går til retten

Flybuss Bergen ynskjer no å stogge Avinor i å inngå kontrakten og har bedt om at kontrakten ikkje skal inngås før det kjem ein endeleg dom i saka.

– Det har Avinor gått med på. Eg håpar dei skal innsjå kor lite fornuftig dei har vore i denne saka, fortel Aasmul.

– Det er klart at vi må forholde oss til det, men vi meiner at det som har vore utfallet til no er korrekt, seier Tysse.