Hopp til innhold

KrFs fylkesordførar er skuffa: – Regjeringsmakt hadde styrka KrF

– Ved å bli med i ei borgarleg regjering skulle KrF klart å få til politiske sigrar, meiner fylkesordføraren som lokalt samarbeider med venstresida.

Knut Arild Hareide

LUKKA DØRA TIL REGJERING: KrF-leiar Knut Arild Hareide avklara onsdag at dei verken blir med i regjering eller blir støtteparti for regjeringa.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Pål Kårbø (KrF) er fungerande fylkesordførar i Hordaland, heimfylket til partileiar Knut Arild Hareide. Der har KrF i inneverande periode danna fleirtal saman med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Men som landsstyremedlem var Kårbø blant dei ivrigaste for å samarbeida med dagens Høgre/Frp-regjering. Etter stortingsvalet argumenterte han for å regjera saman med Frp, sjølv om dei hadde lova veljarane at det ikkje var aktuelt.

– Gjennom å visa til konkrete resultat i regjering meiner eg det ville ført best fram, seier Kårbø etter at det onsdag kveld vart avklara at KrF ikkje går inn i regjering eller vil vera støtteparti for regjeringa.

Dermed har statsminister Erna Solberg (H) ikkje lenger ei regjering med eit formelt fleirtal bak seg i Stortinget.

Blågrønt mislukkast

Kårbø er nøgd med samarbeidet med venstresida i Hordaland, men meiner det ikkje bør kopierast nasjonalt.

– KrFs rolle på riksplan har over tid vore til høgre for sentrum. Det er eit for stort steg å søka regjeringsmakt med til dømes Arbeidarpartiet.

Anne Gine Hestetun, Bente Bondhus og Pål Kårbø

SKUFFA: I Hordaland samarbeider KrFs fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (t.h.) med både SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, men han har ivra for å gå i regjering med Høgre og Frp. Her med Anne Gine Hestetun (Ap) og Bente Bondhus (Sp).

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Etter samtalane onsdag vil ikkje KrF ha vidare samtalar om eit regjeringsgrunnlag eller avtale om samarbeid framover. Kva Venstre vel er uvisst.

Begge partia har hatt mål om å danna ei blågrøn regjering med Høgre, utan Frp, men har kome fram til at det ikkje er realistisk.

– Vårt regjeringsalternativ lukkast ikkje, men me ønsker å samarbeida konstruktivt og godt for å få gjennomslag for vår politikk, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

– Utfallet var nok heller ikkje overraskande for Solberg, kommenterer Kårbø.

– Frp er tilpassingsdyktig

For han er Framstegspartiet mindre «uspiseleg» enn for fleirtalet i landsstyret.

– Frp har standpunkt som mange i KrF ikkje er samde med, men eg har også kjent eit Frp som er tilpassingsdyktig og som har forståing for kva som er viktige saker for KrF. Det var mitt spor i dette spørsmålet.

– At de kunne fått Framstegspartiet til å tilpassa seg eller tilnærma seg KrF også på riksplan?

– Mi tilnærming i denne saka var at med ein vilje til å lukkast med tre eller fire parti skulle me klart å få til politiske sigrar.

Han er glad for at både Solberg og Hareide seier dei trur på eit godt samarbeid sjølv om KrF har avvist å vera del av – eller støtteparti for – regjeringa.

– Eg opplever Solberg som lyttande og forståingsfull for KrF som parti.

Kårbø vil ikkje kommentera kva som no vil gagna KrF best – at Venstre går inn i regjering saman med Høgre og Frp eller blir ståande utanfor.

– Realiteten er uansett at KrF trengst for å få eit fleirtal på ikkje-sosialistisk side.