Hopp til innhold

KrF-topp: – Gløymer vi dei konservative, trur eg vi er ferdige som parti

Moltu-saka er eit signal til KrF-leiinga om å behalda breidda i partiet, meiner fylkesvaraordførar. – Vi jobbar for å gje rom for meiningsmangfald, svarar Knut Arild Hareide.

Byggeskandalen på Stortinget

– JOBBAR FOR MANGFALD: KrF-leiar Knut Arild Hareide seier KrF ønskjer eit stort mangfald i partiet.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Måndag fortalde varaordføraren i Bergen, Marita Moltu, at ho melder seg ut av Kristeleg Folkeparti, fordi ho er misnøgd med partikulturen og manglar tillit til partiet.

Moltu høyrde til den konservative fløya i KrF, og avslørte seinare måndag at ho røysta Partiet De Kristne ved førre stortingsval.

Utmeldinga og grunngjevinga uroar nyleg avgått fylkesleiar i Hordaland KrF, Pål Kårbø.

– Eg kjenner på ei viss uro. Over tid har dette (dei konservative, journ. mrk.) vore ein veldig viktig del av oppslutninga til Hordaland KrF. Gløymer vi dette, trur eg KrF er ferdig, seier Kårbø.

Marita Moltu

UTE AV KRF: Varaordførar i Bergen, Marita Moltu, høyrde til til den konservative fløya i Kristeleg Folkeparti.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Må ha breidde i partiet

Kårbø, som er fylkesvaraordførar i Hordaland, seier han synest det er trist at Moltu har trekt seg. Han meiner KrF no må passa seg for å støyta frå seg dei kristenkonservative.

– Eg forstår kva Moltu seier. Det er sjølvsagt ei påminning både til leiinga i partiet og fylkesorganisasjonen i Hordaland. Vi må ha breidde i partiet vårt, viss dette skal gå bra vidare, seier Kårbø.

Partileiar Knut Arild Hareide har ikkje ønskt å svare NRK direkte på utspelet frå Kårbø, men skriv i ein SMS at KrF «heile tida jobbar for å ta vare på breidda i partiet og gje rom for eit stort meiningsmangfald».

Tidenes dårlegaste meiningsmåling

Valresultatet frå 2017 viser at KrF ikkje toler å støyte frå seg mange veljarar dersom partiet skal ha eit liv over sperregrensa i norsk politikk.

Onsdag ettermiddag gjer også KrF sin dårlegaste meiningsmåling i NRK gjennom tidene, med 3,2 prosent oppslutnad på Norstats undersøking.

– Eg ønskjer å vere positiv, og har ikkje grunnlag for å frykte fleire utmeldingar. Vi får gjere ein god jobb og vise at vi har politisk takhøgd og gode politiske saker både i fylkestinget, bystyret og i kommunestyra rundt om, seier Kårbø.

Pål Kårbø

UROA: Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø, meiner KrF må vakta seg mot å støyte frå seg kristenkonservative.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Gjevmilde og openheit

KrF-ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes, håpar Moltu si utmelding ikkje er eit teikn på at den konservative fløya ikkje kjenner seg att i KrF lenger.

Astrid Aarhus Byrknes

Astrid Aarhus Byrknes

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Men kven er det som skal definere kva det er å vere konservativ? Eg er konservativ på min måte, og andre er konservative på sin måte. Vi er ulike personar i partiet, men eg håpar vi er her for å drive politikk og utgjere ein forskjell, seier Byrknes.

– Eg opplever ei stor grad av openheit i partiet. Men vi kan nok bli flinkare til å ta debattane og dei vanskelege tinga. Der trur eg KrF har ein veg å gå og eg er sikker på at vi kan bli betre, seier Byrknes.