NRK Meny
Normal

KrF støttar ikkje tunnel ved Kjøttbasaren: – Løftebrot, meiner Høgre

Kristeleg Folkeparti vil likevel ikkje stemme for Bybane-tunnel ved Kjøttbasaren. Dermed har ingen av traséforslaga fleirtal. Det fell ikkje i god jord hos byrådspartnar Høgre.

Bybaneillustrasjon
Foto: Illustrasjon: NRK

Snuoperasjon frå Kristeleg folkeparti skapte ny krisestemning i byrådspartia i Bergen.

Fredag gjorde partiet det klart at dei trassar lovnadar gitt til byrådskollegaane og ikkje vil sikra fleirtal for byrådet sitt tunnelforslag ved Kjøttbasaren.

– Vår byråd har gått av på grunn av denne saka, difor står me no fast på at me ikkje kan støtte dette, seier Marita Moltu i KrF til NRK.

Dermed manglar Høgre og Frp tre stemmer for å få fleiretal i bystyret. Dei to partiene må då søke støtte hjå andre partier.

Hadde avtale med Høgre og FrP

Moltu

STØTTAR IKKJE TUNNEL: Marita Moltu, gruppeleiar i KrF i Bergen, fortel at partiet ikkje vil stemme for Bybanetunnel ved Kjøttbasaren.

Foto: Bergen Kommune/Rolf Hordnes

Under byrådskonferansen tysdag vart Høgre, Frp og KrF samde om at KrF skulle få ta dissens i byrådet, men at partiet måtte røysta for byrådet sitt forslag i bystyret.

Moltu vedgår at partia hadde ein avtale.

– Me har vore i samtalar og prøvd å tenkje konstruktivt for å finne løysingar. Men det er vanskeleg for oss å stemme for noko som me som fagmiljø ikkje kan anbefale, seier gruppeleiaren.

–Det at vår byråd, Filip Rygg, har gått av på grunn av denne saka, gjer at me står fast på at me ikkje kan støtte dette subsidiert. Me går for vår plan om alternativet over Bryggen.

– Kan det vere aktuelt å trekke seg frå byrådet, dersom Høgre og Frp ikkje godtek dette?

– Me oppfattar det som at byrådsleiaren har gitt oss lov til å ta dissens, så det er ikkje ei aktuell problemstilling for oss, seier Moltu.

– Løftebrot

dag skansen

- PARTIA VAR SAMDE: Gruppeleiar i Høgre Dag Skansen, ser på saka som eit klart løftebrot frå KrF.

Foto: HØYRE.NO

Gruppeleiar i Høgre Dag Skansen ønskjer i utgangspunktet ikkje å kommentera saka før han har snakka med Kristeleg folkeparti, men viser til at partia under byrådskonferansen tysdag vart samde om at KrF skulle få ta dissens i byrådet, men sikra fleirtal for sitt forslag i bystyret.

– Eg treng nokon samtalar med KrF før eg kan kommentera dette.

– Men ser du på dette som eit løftebrot frå KrF?

– Om det stemmer at dei har snudd, er det jo ikkje nokon tvil om det, seier ein ordknapp Skansen.

Frp forundra

– Eg er veldig forundra, det var i utgangspunktet KrF som kom med forslaget om tunnelinnslag ved Kjøttbasaren. Det var Filip Rygg som presenterte dette i møte med oss, seier Tor Woldseth, som er gruppeleiar i Framstegspartiet.

– Er dette eit løftebrot frå KrF si side?

– Slik eg forstod det hadde me ein avtale med KrF, så det framstår som det, og det er svært merkeleg.

– Kan de samarbeida vidare med KrF i byråd etter dette?

– Det trur eg me skal kunna klara, seier gruppeleiaren.

Må finne støtte hos andre

– Det betyr jo at byrådet ikkje har fleirtal for forslaget sitt og det har jo innverknad på kva me kan oppnå i forhandlingane, sier Geir Steinar Dale frå Arbeiderpartiet.

Partiet innleia onsdag forhandlingar med byrådspartia Høgre og Frp.

– Me har ikkje kome fram til noko resultat, men håpar på å kome fram til noko i nær framtid, seier Dale.

Gruppeleiar Moltu seier at partiet har brukt mykje tid den siste veke for å kome med ein endeleg konklusjon.

– Me har tatt mange runder og tenkt mykje denne veke. Me har prøvd å vere konstruktive og har hatt mange samtalar internt. No er me veldig nøgde med at me går for den løysinga me opprinneleg hadde, fortel Moltu.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.