Hopp til innhold

KrF-ringrev vil på Stortinget

Tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg vil gjera politisk comeback. Den erfarne KrF-politikaren har takka ja til å stå på 2. plass, bak Knut Arild Hareide på partiet si stortingsliste.

Torill Selsvold Nyborg

VIL PÅ TINGET: Etter 20 år i fylkespolitikken, har Torill Selsvold Nyborg takka ja til plass på stortingslista til KrF i Hordaland.

Foto: Tore Sevheim / NRK

Kristeleg Folkeparti er ikkje garantert å få inn to kandidatar frå Hordaland, men sidan Hareide kan få ein plass i Regjeringa etter valet, har andrekandidaten ein reell sjanse til å komma inn på Stortinget.

– Det er smigrande å bli spurt, og kjekt at folk trur eg kan gjera ein god jobb for Hordaland på Stortinget.

Det seier 65-åringen som har 20 år bak seg i fylkespolitikken. Det er nå eitt år sidan ho takka nei til attval og gjekk av som fylkespolitikar.

Sagmugg og abstinensar

Det er lokallaget til KrF i heimkommunen Fjell som føreslår henne på sikker 2. plass ved stortingsvalet neste år. Bakgrunnen er at den plassen vart ledig då Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes takka nei til attval.

– Det opna seg ei moglegheit. Det er noko med å kjenna lukta av sagmuggen når det stundar til val. Det er veldig kjekt å vera med. Men eg har jo berre vore vekke eitt år, så eg har ikkje så voldsame abstinensar, seier Selsvold Nyborg.

– Godt samarbeid med FrP

I åtte år, frå 2003 til 2011, var ho den første kvinnelege fylkesordføraren i Hordaland. I den perioden hadde KrF støtte frå Høgre og Framstegspartiet.

– Det var eit banebrytande samarbeid med FrP den gongen. I Hordaland fylkesting har KrF gode erfaringar med å samarbeida med dei borgerlege partia, men også med Arbeidarpartiet.

Men for fem år sidan vart ho kasta som fylkesordførar etter at Høgre og FrP valde Venstre som samarbeidspartnar i staden for KrF.

– Vestlandspionér

Selsvold Nyborg har vore leiar for Vestlandsrådet, og meiner også ho var tidleg ute med idéen om å samla Vestlandet til éin region.

– Eg var ein ihuga regionsforkjempar allereie tidleg på 2000-talet. Det er viktig å få på plass ein slagkraftig Vestlandsregion nå.

Tidlegare har ho møtt nokre gonger som vararepresentant på Stortinget.

– Det blir ei ny utfordring om eg kjem inn.

– Er du sikker på at du blir 2. kandidaten til Hordaland KrF?

– Eg har sagt ja, og kjenner folket og fylket godt, men avgjerda er ikkje opp til meg. Kor mykje kamp det blir om denne plassen, veit eg ikkje.

KrF har ein regel om annankvar mann og kvinne på stortingslista. Moglege alternativ på 2. plassen er byråd Rebecca Ljosland i Bergen og Beate Husa frå Sund.

Nominasjonsmøtet til Hordaland KrF er 19. november. Nominasjonsnemda si liste er ikkje klar.