KrF-politikar samanliknar venstresida med totalitært kommuniststyre i homoterapi-debatt

– Pol Pot ringde og ville ha ytrings- og truspolitikken sin tilbake, seier KrF-politikar Joel Ystebø om venstresida sine uttalar i homoterapidebatten.

Joel Ystebø

POL POT-PARALLELL: KrF-representant Joel Ystebø meiner venstresida deler syn på ytringsfridomen med det berykta kommunistregime i Kambodsja.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I helga lanserte VG nettserien «Homoterapi», som avdekker fleire miljø i Noreg som driv med terapi for å hjelpa personar å bli kvitt homoseksuelle kjensler.

I oktober sa tilsette ved NLA Høgskolen i Bergen opp jobbane i protest etter at skulen lånte ut lokale til føredrag om konverteringsterapi for homofile.

No vurderer Stortinget å greia ut eit forbod mot konverteringsterapi, etter forslag frå både Ap og MDG. Ifølge avisa Vårt Land ligg forslaget an til fleirtal i komiteen.

Håkon Pettersen, Erlend Horn, Roger Valhammer

FINANSBYRÅD: Håkon Pettersen (t.v.) gjekk av som finansbyråd i Bergen då KrF trekte seg frå byrådet og forhandlingane om nytt fleirtal i haust. No er han gruppeleiar i bystyret.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner KrF-byråd kasta han ut av meinigheit

Også i bergenspolitikken går debatten friskt.

I VGTV-serien fortel eit medlem av meinigheita Kristent Fellesskap Bergen at han opplevde å bli utstøytt, etter gjentatte forsøk på å bli omvendt frå homofilien.

Etter mange år med tvil og sorga valde han å leva ut si homofile legning. I eit møte med leiarane, opplevde han å bli kasta ut.

Blant leiarane i meinigheita var nyleg avgått finansbyråd i Bergen, Håkon Pettersen (KrF). Han er i dag gruppeleiar for partiet i bystyret.

I eit intervju med BA tysdag avviste eks-byråden at han sende Nilsen til homoterapi.

– Pettersen er ikkje byråd lenger, og det er bra, men han er framleis gruppeleiar for KrF, uttalte gruppeleiar for SV i Bergen, Mikkel Grüner, til BA.

I same artikkel kalla Raudts gruppeleiar Sofie Marhaug meinigheiter som driv med homoterapi for parallellsamfunn, som «manipulerer unge mennesker og tvinger dem til å fornekte sine beste følelser».

Hei Mikkel Grüner og Sofie Marhaug. Pol Pot ringte og ville ha ytrings - og trospolitikken sin tilbake. Dere viser...

Publisert av Joel Ystebø Onsdag 6. november 2019

KrFU-topp drar parallellar til Røde Khmer

Det reagerer bystyrepolitikar og leiar i Vestland KrFU, Joel Ystebø, på. I eit Facebook-innlegg tar han eit oppgjer med det han meiner viser venstresida på sitt verste.

– Hei, Mikkel Grüner og Sofie Marhaug. Pol Pot ringde og ville ha ytrings - og truspolitikken sin tilbake, skriv Ystebø i innlegget.

Sjølv om eit samla politisk Bergen, inkludert Ystebø sin partifelle Beate Husa, tar avstand frå homoterapi, meiner bystyrerepresentanten at det er venstresida som skjer alle religiøse meinigheiter under éin kam.

– Venstresida piskar opp til ein retorikk som gir inntrykk av at meinigheiter nærast driv klinisk behandling og nyttar ekstreme metodar for å omvenda homofile, hevdar Ystebø.

Joel Ystebø (Bergen KrF)

LÆREKØYRING: Joel Ystebø (KrF) er den yngste folkevalde i Bergen. Før valet tok han køyretimar. Torsdag fekk han sertifikatet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Massemord og kommunisme

Pol Pot var øvste sjef for det totalitære kommunistregime Røde Khmer i Kambodsja, som i borgarkrigen på slutten av 1970-talet gjennomførte ein revolusjon som tok livet av millionar av menneske i det sørasiatiske landet. Pot blei seinare dømt for folkemord.

– Det er sjølvsagt ei spissformulering, og alle forstår at det er sagt med glimt i auget. Eg tar også avstand frå å aktivt oppsøka homofile med mål om å omvenda dei, og forsøk på press. Men eg meiner retorikken til venstresida har som mål å stempla meinigheiter i verste meining, og gi folk eit feilaktig inntrykk av kva kristne meinigheiter er.

Kvifor ønskjer du at homoterapi skal vera lovleg?

– Som politikarar har me inga teologi på dette området, i alle fall ikkje i KrF. Me vil at meinigheiter skal kunne gje sjelesorg, også til homofile som ber om det. Ellers er det dei som vert diskriminerte, seier Ystebø.

– Viss ein hamnar dit at sjelesorg, som er bøn for andre og ein grunnleggande del av trusfridomen, blir vurdert som homoterapi, så går me alt for langt og innskrenkar fridomen.

– Er du bekymra for kva eit slikt syn på homofili gjer med unge, homofile som er aktive i meinigheiter, og som opplever at den dei er blir sett på som noko som er feil?

– Ja, veldig. Difor må me vera veldig varsame i møte med andre menneske. Og difor er det viktig at slike spørsmål kjem opp i samfunnsdebatten. Men meinigheiter må få kunna ha eit syn i det som er viktige spørsmål.

Jarle Brattespe, SV

Jarle Brattespe og SV meiner homoterapi er kvakksalveri. – Eg opplever at det er ein aksept i meinigheiter for å driva terapi der målet er om omvending, Det risikerer å påføra personar skam og psykiske lidingar og det som verre er.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

– Unyansert og fordummande

Mikkel Grüner (SV) vil ikkje kommentera utspelet til Ystebø. Han viser heller til partikollega Jarle Brattespe.

– Eg synest utspelet hans er unyansert og fordummande, og eg meiner det viser ei manglande forståing for kva ytringsfridom betyr. Han har rett til å forherliga terapi og samtalar med mål om å omvenda homofile, men han eller andre har ikkje rett til å stå uimotsagt, seier bystyrepolitikar Brattespe.

KrFU-leiaren på Vestlandet ønskjer ein større debatt om kva homoterapi er. Brattespe, som sjølv er homofil, meiner definisjonen er enkel.

– Det å gå inn i noko med eit mål om å gå bort frå ei seksuell legning fordi din religion meiner det er syndig, det er homoterapi. Eg opplever at det er ein aksept i meinigheiter for å driva terapi der målet er omvending. Det er kvakksalveri, og det fortel skeive at det er noko feil med oss eller at legninga vår er ei lidning.

– Som skeiv sjølv vil eg seie at det kjennest sårande å bli oppfatta som ein sjukdom eller som ein feil som skal rettast. Som ein halvgammal homo har eg tjukk nok hud til å tole det, men eg er oppriktig uroa for den skamma og lidinga unge skeive vert påtvungne.

Sofie Marhaug

RAUDT: Gruppeleiar Sofie Marhaug i Raudt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Parallellsamfunn

– Eg trur Pol Pot sitt syn på homofile står nærare KrF enn Raudt, seier Sofie Marhaug.

Ho ønskjer ikkje kommentera innlegget til Ystebø ytterlegare. Gruppeleiaren deler definisjonen til Brattespe.

– Folk må få lov å gå i terapi for alle sine problem, men at me skal ha ei eiga terapiform der målet er å endra folk si seksuelle orientering, blir feil. Eg meiner oppriktig at barn og unge blir utsette for manipulasjon når det i enkelte trusamfunn blir akseptert at homoterapi blir brukt.

– Då meiner eg me må få klarleik i kva som blir akseptert og stilla krav til i kva grad desse skal få statleg støtte.