NRK Meny
Normal

KrF og Frp braut forhandlingane etter ti minutt

Kven som blir ordførar på Osterøy er framleis heilt i det blå.

Jarle Skeidsvoll (KrF) og Alf Terje Mortensen

IKKJE SAMDE: Jarle Skeidsvoll i KrF vart saman med Høgre og Venstre ikkje samde om samarbeid med Alf Terje Mortensen og Frp (t.h) måndag kveld.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vallogo

Måndag kveld møtte KrF, Høgre, Venstre og Framstegspartiet til samtalar på Osterøy. Målet var å bli einige om ein politisk plattform som ville sikra dei fleirtal med 15 av 27 mandat i kommunestyret.

Men dei kom ikkje lenger enn til ordførarspørsmålet før forhandlingane braut saman.

Etter berre drøyt ti minutt.

– Det var skuffande og uventa at det stranda så fort. Eg klarte ikkje tolke det på ein anna måte enn at Frp stilte ultimatum om å få ordføraren, seier Jarle Skeidsvoll i KrF til NRK.

Han er den heitaste kandidaten til å bli ordførar i øykommunen like nord for Bergen, men 15 dagar etter valet er altså det meste ganske usikkert.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat Osterøy kommunevalget 2015» i nytt vindu

Må forhandla med Ap

Det er Alf Terje Mortensen som er Frp sin ordførarkandidat på Osterøy. Han har ikkje svara på NRK sine førespurnader tysdag.

Frp gjorde eit kjempeval i kommuneval og vart nest største parti på Osterøy med seks mandat.

– Det var vanskeleg å gå vidare med Frp i går, og det ser ut som det blir vanskeleg seinare også. Sjølv om ein aldri skal sei aldri, seier Skeidsvoll som likevel innrømmer at han no snur blikket inn mot sentrum og venstre.

Saman med MDG og Senterpartiet vil KrF, Høgre og Venstre berre få 13 mandat. Altså manglar dei eitt. Skeidsvoll har tidlegare sagt at han vil ha breiast mogleg støtte og difor må han no vende blikket mot Arbeidarpartiet.

– Me får sjå om Ap er villige til å inngå samtalar og då gi frå seg ordføraren, seier Skeidsvoll.

– Fleirtalet vil ha skifte

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet på Osterøy etter årets kommuneval med åtte mandat. Men dei har falle kraftig tilbake og Jarle Skeidsvoll i KrF er trygg på at han framleis er i førarsetet kva ordførarkjeda angår.

– Det er eit klart fleirtal på øya for at me får eit leiarskifte frå Ap til eit anna parti. Så der er veljarane krystallklare. Så er spørsmålet om Ap vil ta omsyn til det i samtalene vi no må inn i.

– Me stiller ikkje ultimatum

Johannes Bysheim er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat og treng seks mandat for å få fleirtal.

– Me er opne for å samarbeida breitt, men det blir nok ikkje konstellasjon med Frp.

– Slik eg forstår KrF så vil dei ha ordføraren. Men me er klart største parti og har som utgangspunkt at me har ordførarkandidaten, seier Bysheim til NRK på telefon frå Berlin.

– Kjem de til å stilla ultimatum om å behalda ordføraren i forhandlingar med KrF?

– Me kjem ikkje til å starta samtalane med å stilla ultimatum, verken med det eller anna, svarar Bysheim.

Han reknar med det kan gå heile veka før ein veit meir om kven som tar over makta i kommunen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.