Hopp til innhold

Vil ikkje sitta i ei regjering som fjernar fedrekvoten

Knut Arild Hareide garanterer at han ikkje vil vera med på Høgre og Frp sitt krav om at småbarnsforeldra sjølv skal få fordela heile foreldrepermisjonen.

Knut Arild Hareide, KrF

GARANTERER FOR PAPPAPERMEN: Knut Arild Hareide og Kristeleg folkeparti går ikkje med på kravet til Høgre og Framstegspartiet om at mor og far sjølv skal få bestemma fordelinga av alle permisjonsvekene.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det vil ikkje skje store endringar med pappapermen med KrF i regjering, lovar KrF-leiaren, som sjølv ventar på å verta pappa.

I lengre tid har Høgre og Framstegspartiet, to parti som godt kunne tenka seg å regjera saman med Hareide og KrF, gjort det klart at dei ønskjer å ta bort fedrekvoten som frå juli er på 14 veker.

– For oss er det viktig at ein har ein lang pappapermisjon, og i vårt program ønskjer me at det skal vera minst tolv veker, seier KrF-leiaren til NRK.no.

Les òg: Slik kan mor rappe pappapermen

Meir fleksibilitet

Hareide frir til småbarnsforeldra før valet. Partiet ønskjer å gje meir fleksibilitet til barnefamiliane.

Saman med byråd i Bergen og tredjekandidat for partiet i Hordaland, Filip Rygg, kjem Hareide med fleire forslag som han meiner skal gje meir valfridom for foreldra.

  • Betalt foreldrepermisjon også for dei som i dag ikkje har høg nok inntekt.
  • Minst to opptak i alle barnehagar, for å gjera det enklare for foreldre som får barn seint på året.
  • Utvida og meir fleksibel kontantstøtte som skal gjera det enklare å kombinera barnehage og kontantstøtte.
  • Krav til bemanningsnorm i barnehagane.

Men når det gjeld pappapermisjonen ser altså ikkje Hareide nokon grunn til at foreldra sjølv skal disponera tida fritt.

Knut Arild Hareide og Filip Rygg

PAPPAPRAT: Listetopp i Hordaland Knut Arild Hareide og tredjekandidat Filip Rygg vil gje større valfridom til småbarnsforeldra.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar for pappapermen

At Høgre og Framstegspartiet kan få fleirtal for å fjerna regelen om at delar av foreldrepermisjonen er reservert for far er den store frykta til SV-leiar Audun Lysbakken før valet.

Audun Lysbakken

FRYKTAR KUTT: SV-leiar Audun Lysbakken fryktar at fedrekvoten skal forsvinna.

Foto: Maria Pettersen / NRK

– Eg veit at KrF ikkje meiner det, men eg fryktar at dei i eit regjeringssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet vil komma til å gje etter på dette punktet, seier Lysbakken.

Full valfridom over permisjonstida vil gjera det vanskelegare for far å vera heime med barna meiner Lysbakken.

– Det vil bety at mange menn ikkje vil ha den retten å slå i bordet med når dei møter sjefen på jobben, eller for den del mamma heime, når vekene skal fordelast, meiner Lysbakken.

Når det gjeld dei andre forslaga til KrF er det ikkje mykje motstand hjå Lysbakken, med unntak av kontantstøtta.

– Me er positive både til krav til bemanning i barnehagane, fleire opptak i barnehagane og løna permisjon til dei utan større inntekt, seier SV-leiaren.

Les òg: Statsrådar tar pappaperm

– Viktig at far får vera heime

På ein kafé på Nesttun i Bergen sitt Siri Kongsvik og sonen Julian som er femten månader gammal. Ho tar ut kontantstøtte fordi ho ikkje har fått barnehageplass.

– Julian er født for seint til at han har rett på barnehageplass, så me hadde ikkje så mange alternativ, seier Kongsvik.

Siri Kongsvik og Julian på 15 månader

KONTANTSTØTTE OG PAPPAPERM: Siri Kongsvik tar ut kontantstøtte for å vera heime med Julian på 15 månader. Ho meiner det er viktig at far har lovfesta rett på permisjon.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Siri Kongsvik er fornøgd med forslaga frå Kristeleg folkeparti. For ho er det svært viktig at far framleis har sin eigen del av foreldrepermisjonen.

– Eg trur det er veldig bra både for barnet og faren at han får kjenna på ansvaret og kvardagen heime. Mange vil nok ha vanskelegare for å få permisjon om ein ikkje har ein lovfesta rett, trur ho.

Les òg: Vil lokka fleire ut i pappaperm

Vil la far og mor bestemma

Linda Hofstad Helleland

VIL LA FORELDRA BESTEMMA: Linda Hofstad Helleland og Høgre vil kutta ut fedrevoten.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Då Regjeringa i fjor gjorde det klart at dei ville lovfesta at både far og mor skal ta ut tolv veker foreldrepermisjon, stod Linda Hofstad Helleland fast på at Høgre ville reglane til livs.

– Me ønskjer at folk skal få bestemma meir sjølv, detaljstyring frå politikarar har me fått nok av, sa Hofstad Helleland til NRK.no.

Ho trur norske menn vil halda fram med å vera heime med barna sine, også om det ikkje er eit pålegg frå Regjeringa. Høgre ønskjer òg å ta bort kravet om at mor må ta ut minst tolv av vekene.

– Fordi me trur dagens fedre og mødre har eit genuint ønskje om å delta i oppveksten til barna sine. Valfridom er det viktigaste for oss, sa Helleland.

Står fast på 12 veker

Men for Kristeleg folkeparti, det partiet som kanskje har snakka aller mest om valfridom for småbarnsforeldre, er det ikkje aktuelt å overlata spørsmålet til far og mor.

– Det siste forslaget frå Regjeringa går jo ut på 14 veker, me har 12 i vårt program. Me meiner det er viktig at det finst enkelte veker som far har rett på, seier Knut Arild Hareide.

Bør far og mor sjølv få fordela foreldrepermisjonen? Skriv di meining i kommentarfeltet nedanfor.