Hopp til innhold

Krever at regjeringa gjer hastevedtak om E16

Byrådspartia i Bergen ber partifellene i regjeringa hastebehandle ny E16: – Det er like før folk mister livet, og me må handle no.

Ras E16

RAS: For andre gong på to veker er E16 stengt på grunn av jordras.

Foto: NRK

Leiarane for bystyregruppene til regjeringspartia, Tor Woldseth (Frp) og Dag Skansen (H), går no ut mot sine eigne statsrådar og krev handling på ulukkesvegen E16, som i går nok ein gong blei råka av jordskred.

I eit brev til Samferdsledepartementet og transportfraksjonen på Stortinget skriv dei to at varsellampene for lengst har byrja lyse raudt på strekninga mellom Bergen og Voss.

– Dei siste ulukkene me har hatt er stadig nærmare dødsulukker. Dette er naturkatastrofar, og varsellampene blinkar. Me må reagere og handle. Denne strekninga må gjerast noko med så raskt som mogleg, seier Dag Skansen (H).

Byrådspartiene i Bergen krever strakstiltak på E 16.

KREV HANDLING: Gruppeleiar for Høgre i Bergen, Dag Skansen, og gruppeleiar for Frp i Bergen, Tor Woldseth krev no at partifellane i regjeringa og på Stortinget tek grep om situasjonen på E16.

Krev rask handling

Dei to bergenspolitikarane ber om at Stortinget må behandle sikring av E16 og bergensbanen mellom Voss og Bergen som eit hastevedtak.

Planen for sikring og utbetring av ny E16 er enno ikkje klar. Det mest populære alternativet er rekna til oppstart i 2022.

I brevet skriv dei at dette er ein ekstraordinær situasjon, og at ein for å unngå krisetilstand ikkje kan behandle saka i normalt tempo.

– Dette er ikkje ein sak som har med normal planlegging å gjere. Dette er ei sak som er alvorleg og som må bli tatt no. Saka må bli behandla utanom dei ordinære sakene, for her står det menneskeliv på spel, seier Tor Woldseth (Frp).

LES OGSÅ: – Situasjonen på E16 og Bergensbanen er kritisk

– Dette er ein ekstraordinær situasjon

Brevet er også sendt til Statsminister Erna Solberg og Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Her skriv dei to:

«Vi kan ikkje utsette våre skolebarn og våre innbyggere mer for en utrygg vei og en rasutsatt strekning uten å vise handlekraft og finne løsninger»

– Eg meiner Regjeringa bør ta ein hasteavgjersle på trasevalet, og deretter setje i gang planlegging og prosjektering parallelt for å starte før 2022. Det er like før folk mister livet, og då må det skje raskare enn ved standard regulering, seier Skansen (H).

Statsminister Erna Solberg har takke nei til å svare på spørsmål om E16 i dag.