NRK Meny
Normal

– Det er ingen som fell 17 gonger på ei saks

BERGEN TINGRETT (NRK): Statsadvokaten meiner den estiske 43-åringen som er tiltalt for saksedrap på ein 38 år gammal litauar, bør dømmast til 12 års fengsel.

Saksen i Wergeland-drapet på verandaen

DRAPSVÅPENET: Her er saksa påtalemakta meiner vart brukt under drapet på Wergeland i Bergen i november 2013. Avdøde skal ha fått minst 17 stikk med saksa.

Foto: Politiet

38-åringen vart funnen død under ei busk utanfor ein villa på Wergeland i Bergen i november 2013, drepen med nærare 20 saksestikk.

Rettssaka byrja i Bergen tingrett 9. november. I tillegg til den drapstiltalte 43-åringen, står to menn på 41 og 46 år tiltalt for å ikkje ha gripe inn då drapet skjedde.

Politiet har ei rekkje tekniske bevis i saka. Det er funne blod frå den avdøde på klede og sko som høyrer til dei tiltalte, samt fingeravtrykk i blodflekkar frå offeret i huset.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

MANN FUNNEN DØD: Krimteknikarar på åstaden 7. november 2013.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

12 års fengsel

Aktor, statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen, heldt onsdag sin prosedyre i tingretten.

Vi har eit drap med 17 saksestikk. Det er skjerpande omstende. Samstundes har det gått to år før saka går for retten. Dei skjerpande omstenda må vegast opp mot tidsbruken her, sa Stolt-Nielsen i sin prosedyre.

Han bad om ei straff på 12 års fengsel utan vilkår for den drapstiltale 43-åringen, om eitt års fengsel for 41-åringen, og frifinning av 46-åringen.

Ovanfor NRK påpeiker Stolt-Nielsen at dei tiltalte ikkje kan lastast for at saka blei utsett i juni.

– Der må påtalemakta ta på seg skulda for at opptak av naudsynte vitne ikkje var på plass, sa aktor i retten.

Eirik Stolt-Nielsen i Bergen tingrett før avsluttande prosedyrar etter Wergeland-drapet

BER OM 12 ÅRS FENGSEL: Statsadvokat og aktor Eirik Stolt-Nielsen i Bergen tingrett før dei avsluttande prosedyrane i rettssaka etter Wergeland-drapet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Nektar straffskuld

Alle dei tre nektar straffskuld. 43-åringen har forklart at ein krangel mellom han og avdøde oppstod på ein veranda i villaen.

Statsadvokat Stolt-Nielsen har lita tru på drapstiltale si forklaring, mellom anna fordi det på verandaen ikkje finst spor etter verken eit basketak eller eit drap.

– Men det er rikeleg med blod på rommet. Tiltalte sine handavtrykk er sett av i fornærma sitt blod inne i huset. 43-åringen forklarer at han aldri var inne i huset, men vi har altså fleire bevis for det, argumenterte statsadvokaten.

Trillebår med blod etter Wergeland-drapet i Bergen

Politiet trur avdøde kan ha blitt frakta ut i hagen og under ei busk med denne trillebåra.

Foto: Politiet

Har fleire bevis

Stolt-Nielsen peika også på at den medtiltalte 41-åringen i retten har forklart at han såg 43-åringen stikke den avdøde med saks i halsen og ansiktet. I tillegg er den drapstiltalte dømd for knivstikking i Estland tidlegare.

– Den tiltalte forklarer at avdøde kan ha falle på saksa. Men det er ingen som fell 17 gonger på ei saks. Det er fullgodt bevist at det er den drapstiltalte som har stukke avdøde med saksa inne på eit rom i villaen, meiner Stolt-Nielsen.

Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs, som representerer 38-åringen si mor og søster, bad om at den tiltalte 43-åringen må betale erstatning på 27.685 kroner og oppreisning på 200.000 kroner.

Ole-Petter Grythe Hoff

FORSVARAR: 43-åringen, som blir forsvart av advokat Ole-Petter Grythe Hoff, nektar straffskuld i saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ber om frifinning

Advokat Ole-Petter Grythe Hoff forsvarar den drapstiltalte 43-åringen. Han brukte delar av sin avsluttande prosedyre på å argumentere for at dei medtiltalte sine forklaringar ikkje held vatn.

Eg meinar at retten ikkje kan sjå vekk ifrå at det er eit anna hendingsforløp i saka enn det aktor legg opp til. Det som dei medtiltalte skildrar, er motbevist gjennom tekniske funn. Eg meiner min klient må frifinnast ut frå tekniske spor, bevis rundt dei andre tiltalte og dei forklaringane som er gitt av dei og øvrige vitner, seier Grythe Hoff til NRK.

43-åringen held fast på si forklaring om at det var eit basketak mellom han og avdøde ute på terrassen, og at han deretter sprang frå staden. Han meiner drapet må ha skjedd seinare og blitt utført av andre.

– Det kan ikkje vera meg som har påført han dei skadene. Sjølvsagt har eg jo tenkt at dei andre som er tiltalt i saken, kan ha gjort det. Det har eg sagt til min advokat og ein politietterforskar, sa 43-åringen då han forklarte seg i retten førre veke.

Siste video

Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås