Krev politi i Nygårdsparken døgnet rundt etter skyteepisode

Nygårdsparken skal i august stengast for rehabilitering. Ein skyteepisode denne veka har fått dei som bur nær parken til å føla seg meir utrygge, og dei krev at politiet må vera til stades i parken døgnet rundt.

Denne veka blei stovevinduet til ein småbarnsfamilie på Møhlenpris truffe av skot frå Nygårdsparken midt på lyse dagen. No krev bebuarane i området strakstiltak frå politiet.

DISKUSJON: Politistasjonssjef Olav Valland ved Bergen politistasjon og Synnøve Fluge i Møhlenpris velforeining diskuterer situasjonen i og rundt Nygårdsparken.

Tidlegare denne veka opplevde ein barnefamilie i Olav Ryes vei på Møhlenpris i Bergen at det blei skote mot eit vindauge i stova deira.

Marianne opplevde at det blei skote mot leilegheita ho bur i

– EKKELT: Marianne (med ryggen til kamera) synest det er ekkelt å tenka på at ho har sitt å amma i sofaen ved vindauget det blei skote mot.

Foto: NRK

– Det er forferdeleg ekkelt. Fleire gongar om dagen sitt eg i sofaen, rett under det vindauge der som det blei skote mot, fortel Marianne til NRK.

Ho og dei tre barna hennar på fem år og sju månadar var ikkje heime då skyteepisoden skjedde, men dei var like i nærleiken.

– Eg gjekk nedover gata her, eg var på veg heim saman med gutane mine og Solveig i vogna, så høyrde eg nokre rare lydar. Det sa «svosj» på ein måte, rare lydar som eg ikkje forstod kva var før eg kom opp i leilegheita. Då sa Fabian at me ikkje måtte komma inn i stova, han ringde til politiet og det var blitt skote gjennom ruta på stovevindauge vårt, seier Marianne.

– Situasjonen er fullstendig ute av kontroll

Skot mot vindauge i bustad på Møhlenpris

TYDELEGE MERKER: Det viser godt at det er blitt skote mot vindauget til familien i Olav Ryes vei.

Foto: NRK

Skota blei truleg avfyrte frå Nygårdsparken like i nærleiken, og skyteepisoden denne veka har fått bebuarar i området til å føla seg meir utrygge.

– Dette er ei hending som illustrerer at situasjonen i Nygårdsparken er fullstendig ute av kontroll. Me har ein familie som er blitt skotne mot gjennom vindauget, og finn det frykteleg skremmande, seier Synnøve Fluge, leiar i Møhlenpris velforeining.

Velforeininga på Møhlenpris har fleire gongar prøvd å få til auka politibemanning og andre tiltak i og rundt Nygårdsparken.

Velforeininga har tidlegare rosa byrådet for at dei har bestemt seg for å ta affære i Nygårdsparken , men er uroa for kva som vil skje fram til stenginga i august.

– Fram til parken skal stengast 25. august må politiet vera døgnkontinuerleg til stades med aktiv og synleg politi i øvre halvdel av Nygårdsparken, krev Fluge.

LES OGSÅ:

Politiet besøkte familien

Familien som opplevde at det blei skote mot stovevindauge deira har meldt saka til politiet, og i dag inviterte politistasjonssjef Olav Valland ved Bergen politistasjon seg sjølv på besøk heim til familien på Møhlenpris.

– Me har hatt eit møte med familien i leilegheita deira, der dei har gjort greia for korleis dei opplev å vera nabo til Nygårdsparken og så har me gjort greia for politiet sine planar framover, seier Valland til NRK.

– Det er ein betydeleg kriminalitet i og rundt Nygårdsparken i Bergen. For den familien er det ei ekstra dramatisk hending som er fullstendig uakseptabel. No er det riktig nok brukt eit luftvåpen, og kulene har berre trengt gjennom den yttarste delen av glaset, men likevel er det ei uvanleg dramatisk hending og skremmande for den familien, seier Valland.

Politiet har ikkje ressursar nok til å innfri krav

Olav Valland

SEIER NEI: Politistasjonssjef Olav Valland vil ikkje innfri kravet om at politiet skal vera i Nygårdsparken døgnet rundt fram til august.

Foto: NRK

Politiet vil følgja opp sin del av ein samarbeidsplan knytt til Nygårdsparken som dei har lagt saman med Bergen kommune og Helse Bergen.

– Me aukar patruljering i og rundt parken og frå sommaren av etablerer me ei eiga eining som skal ha fokus berre mot kriminaliteten i og rundt dei opne russcene, hovudsakeleg i Nygårdsparken, seier Valland.

Han avviser kravet om døgnkontinuerleg politibemanning rundt Nygårdsparken.

– Me har fått forslag om at me burde ha ei permanent politieining i parken og det har me registrert, men slik som resurssituasjonen er for politiet i Bergen i dag så er det uaktuelt.

LES OGSÅ:

Opplever å ikkje bli lytta til

Møhlenpris velforeining veit ikkje kva dei skal gjera vidare når dei opplever at krava deira ikkje blir høyrde.

– Politiet må etter kvart lytta til dei som er i området, og sikra tryggleiken til oss som bur her og til dei som er i parken. Den staden er overhovudet ikkje trygt for dei som er der, eller dei som oppheld seg i området rundt, seier Synnøve Fluge.

Dei siste åra har innbyggjarane på Møhlenpris opplevd at kriminaliteten i området aukar når det går mot sommar, og dei har merka at det har starta å auka også i år.

– Me ser at omfanget av ein type kriminalitet som er heilt uakseptabelt å ha i eit buområde er i ferd me å ta heilt av. Så me ser at det er ikkje godt nok at i slutten av august skal dei stenga av dette området, me er uroa for om planen kommunen og politiet har for etter stenginga eigentleg er god nok, så me tenker at her må ein faktisk revurdera arbeidet ein har hatt så langt, og så må ein setta inn nye tiltak ut frå korleis situasjonen no er, seier Fluge.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.