Krev svar på skipsdåp-avgjerda

Ingen kan gje eit tydeleg svar på kven som tok avgjerda om at ein cruiseskipsdåp blir ein sentral del av 17. mai- feiringa.

Viking Star døpast

DÅP: Skipet til reiar Torstein Hagen

Foto: NRK

Arne Storetvedt, leder i 17. mai komiteen i Bergen seier dei ikkje føler seg pressa, men at dei har tilpassa seg at Havnevesenet gav reiarlaget løyve til å ha skipsdåp i Vågen på 17. mai.

– Vi fekk beskjed om dette, og har sett på korleis vi kan tilpasse oss, seier komiteleiaren.

Det er skipet Viking Star som skal døypast, og ordførar Trude Drevland er gudmor.

LES OGSÅ: – 17. mai-feiringen er solgt!

Krev svar

Fleire i Bystyret reagerer på dette. Oddny Miljeteig i SV er mellom dei som krev at Byrådet gjev klart svar på kven som har bestemt at skipsdåpen får så stor plass i feiringa.

Eg reknar med at byrådsleiaren kjem til å informere om kva kontakt politikarar har hatt med reiarlaget, seier Miljeteig.

Oddny Miljeteig

VIL HA SVAR: Oddny Miljeteig vil vite kven som tok avgjerda.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Byrådsleiaren i Bergen ønskjer ikkje å kommentera saka, utover at det politiske nivået ikkje har hatt noko med saka å gjera.

Ingen har bestemt

Havnedirektør Inge Tangerås seier Havnevesenet ikkje har tatt noko avgjer.

– Vår rolle har ikkje vore anna enn å legge til rette, seier Tangerås.

Han seier dei får ganske mange førespurnader om å legge til rette for ymse arrangement i Vågen, og at dei prøver å gjere det så langt som mogleg.

Men kvifor vel de å gjere dette akkurat på 17. mai, og ikkje 16. mai for eksempel?

– Akkurat dette arrangementet har vi ikkje lagt oss så veldig opp i. Vi har sagt berre sagt ja til å reservere ein del av kaiområdet i Vågen, seier Tangerås.

Han legg til at det som har med arrangementet å gjere er det 17. mai komiteen og andre som har bestemt.

Ordførar Trude Drevland sa til NRK i går at avgjerda ikkje var teken hos ho.

Komiteen sparer

Leiaren for 17. mai komiteen seier han forstår at enkelte har reagert på skipsdåpen i morgon. Men synest ikkje det er hans jobb å meine noko om denne saka.

– Men slikt bør ikkje skje kvart år. Det viktigaste er likevel det som skjer tidlegare på dagen, seier Storetvedt.

– Kva synest du om diskusjonen rundt dette arrangementet?

17. mai kommiteen

KOMITEEN: Dei har tilpassa seg avgjerda om at skipet skal døypast

Foto: 17.mai kommiteen.

– Det at vi engasjerer oss er kanskje ein del av sjarmen med Bergen. Ein gong er det skipsdåp, ein anna gong noko anna.

Han seier det er Havnevesenet som må svare på kvifor dei tillèt dåpen akkurat denne dagen. Han legg til at artistane hadde komiteen aldri hatt råd til å bruke, og at dei sparer pengar på at skipsreiaren også spanderer fyrverkeriet.

– Skal du på konserten?

– Ja. På slutten av kvelden skal vi dele ut premie for beste innslag i prosesjonen, fortel Storetvedt.