Alvheim støttar styret i Helse Fonna som ikkje ville ta fagleg ansvar for de pålagde kutta, skriv Haugesunds Avis.
Alvheim seier han veit at liknande ting skjer i fleire helseføretak, der styremedlem set foten ned fordi dei ikkje kan være med å ta det faglege ansvaret for dei kutta som vert pålagde helseføretaka.
Han meiner det er positivt og nødvendig at styra seier frå om dette.
Styret sparka
For få dagar sidan vart Fonna-styret sparka av Helse Vest. Grunnen skal ha vore at dei protesterte mot kutt i budsjettet, kutt styret meinte ville få konsekvensar for pasientane.
- Saka vert forfølgd
Alvheim seier det endå er for tidlig å sei om helsekrangelen i Helse Fonna må granskast for å finne ut kva som verkelig har skjedd.
– Men dette er ei sak eg har bestemt for å forfølgje, seier Alvheim.