Hopp til innhold

Etterlyser hjelp for kriseråka næringsliv

Venstre krev grep for å hjelpa næringslivet etter tunnelstenging. – Me gjer det me kan for å finna løysingar, seier politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

gudvanga

DYR STENGING: Gudvangen fjordhotell er ein av reiselivsaktørane som kjenner tunnelstenga på kroppen.

Foto: Montasje

Traileren som brant i Gudvangatunnelen

UTBREND: Gudvangatunnelen kan verta stengd i minst ein månad etter at tunnelen vart stengd i sommar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Stenginga av Gudvangatunnelen på E16 har den siste tida skapt store utfordringar for næringslivet i området. Hotell har gått glipp av tusenvis av busspassasjerar og transportaktørar må køyra timeslange omvegar for å nå fram til kundane sine.

Regiondirektør i NHO, Tom Knudsen, vurderer søksmål mot staten grunna inntektstapet til næringslivet.

No krev nestleiar i Venstre Terje Breivik at samferdsleminister Marit Arnstad frå Senterpartiet kjem på bana. I eit brev til statsråden etterlyser han avbøtande tiltak.

– Uhaldbar situasjon

Terje Breivik

KREV SVAR: Nestleiar i Venstre Terje Breivik meiner situasjonen ikkje er haldbar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

«Kva vil ministeren gjera for å betra på uhaldbare og fortvilande situasjonen for næringslivet og lokaltrafikken som følgje av at Gudvangatunnelen er stengd og kan verta stengd i fleire veker til? », spør Breivik i brevet.

Venstre-mannen frå Ulvik meiner langt meir kunne vore gjort for å hjelpa næringslivet.

– For dei er det snakk om millionbeløp i veka i tapte inntekter. Dette er ei kattepine på sikt for ei næring som allereie er heilt på marginane. Særleg reiselivsbransjen risikerer å tapa desse kundane i lang tid, seier Breivik.

Vil opna opp att gammalt ferjesamband

Breivik meiner mellom anna at det kan setjast inn ei førebels ferje på det nedlagde sambandet på Nærøyfjorden mellom Gudvangen og Lærdal. Han ønskjer og svar på om det kan vera aktuelt med kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen eller auka ferjekapasitet over Hardangerfjorden.

– Eg fryktar at Regjeringa ikkje ser alvoret her. Det er jo ein statleg europaveg som er stengt, seier nestleiaren frå Ulvik i Hardanger.

Les òg: Vil ha ferjer mellom Gudvangen og Lærdal

– Forstår frustrasjonen

Sigrid Brattabø Handegard, som er politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet svarar på kritikken:

Sigrid Brattabø Handegard

AVVISER KRITIKKEN: Rådgjevar i samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard (Sp) går ikkje med på at Regjeringa er handlingslamma.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Eg kan godt forstå at dette er ein vanskeleg situasjon for dei som er råka. Men det er no ein gong slik at slikt kan skje når det går ras, brenn eller vegar vert stengde, seier Brattabø Handegard.

Ho går ikkje med på at styresmaktene ikkje har gjort noko for dei råka.

– Det er allereie sett inn ekstraferje på ferjesambandet Bruravik–Brimnes, og me har seinast i dag vore i dialog med dei berørte kommunane om kva som kan gjerast, seier Brattabø Handegard.

At NHO vil vurdera søksmål mot staten tar ho med stor ro.

– Det er vanskeleg å kommentera eit erstatningskrav som enno ikkje er reist, eg kan heller ikkje forstå at dette kan ha noko for seg, seier Senterparti-politikaren frå Jondal i Hardanger.

Ho seier at ferja mellom Gudvangen og Lærdal har vorte vurdert, men at det ikkje er konkludert med om tiltaket er teneleg eller ikkje.