Hopp til innhold

Vedtok å beskytta menneskehandel-offer i 2015 – framleis blir dei sendt ut

Ap, KrF og SV reagerer sterkt etter NRK si sak om tvangsprostituerte «Esther». – Heilt uakseptabelt, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Pressekonferanse i vandrehallen i Stortinget

REFSAR: Kjell Inge Ropstad (KrF) har tidlegare stått bak stortingsvedtak som krev nytt lovverk for å sikra offer for menneskehandel. No vil han på nytt ha svar frå regjeringa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Etter å ha vore gateprostituert i halvanna år, skal nigerianske «Esther» denne veka kastast ut av Noreg.

Det skjer etter at ho har samarbeidd med politiet og namngjeve personar ho meiner tvang henne til å selja sex.

– Saker om menneske som Esther forargar meg, seier stortingsrepresentant Kjell Inge Ropstad (KrF).

– Uakseptabelt at dei blir sendt tilbake

Fleire parti vil no gå gjennom regelverket på nytt.

26 år gamle Esther ville fått opphald dersom ho hadde fått vitna i retten.

Men fordi politiet legg bort dei fleste sakene, får offera sjeldan vitna. Difor blir mange sende ut, sjølv om dei har samarbeidd med politiet.

– Det er heilt uakseptabelt at menneske som blir utsette for menneskehandel, og som i lang tid har blitt utnytta på det grovaste, blir sende tilbake til sine bakmenn, seier Ropstad.

Offer for menneskehandel på Trandum

SKAL UT: Etter planen skal Esther sendast ut onsdag 16. mai. Då har ho vore i Noreg i meir enn fem år. 15 månader selde ho sex på gata.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Har bede om endring to gongar

To gongar har Stortinget bede regjeringa om å greia ut eit nytt lovforslag.

Men så langt er ikkje nye reglar på plass. Seinast i vinter bad Justiskomiteen departementet om å sjå på saka på ny.

– Skal offera tora å anmelda og søka hjelp er det helt avgjerande at opphaldsløyvet ikkje heng saman med straffesaka.

Ropstad sende måndag eit skriftleg spørsmål til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), der han etterlyser svar på korleis regjeringa vil følgja opp vedtaket.

Lene Vågslid i muntlig spørretime i Stortinget

BER OM SVAR: Leiar i Justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågsli (Ap), ber statsråden svara på kva departementet gjer med lovverket.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vil ha fleirtalet på banen i Stortinget

SVs Karin Andersen har fleire gongar refsa regjeringa for manglande oppfølging av offer for menneskehandel. Ho meiner eit betre rettsvern no hastar.

– Eg forventar at regjeringa straks kjem med eit nytt lovforslag, som sikrar dei rettane som trengst. At det ikkje er gjort til no er heilt uakseptabelt, seier den innvandringspolitiske talspersonen.

Andersen tok måndag kontakt med Ap, Sp og KrF for å drøfta å lansera eit eige lovforslag i Stortinget.

SV stortingsgruppe, Karin Andersen

KRITIKK: – Det går ikkje an, seier SVs innvandringspolitiske talsperson Karin Andersen om at regjeringa enno ikkje har lagt fram nytt lovforslag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Me har fleirtal i Stortinget og kanskje må me fremja forslaget sjølve. Det skulle ikkje vera naudsynt, men det kan vera eit alternativ, seier SV-representanten. Ho torer ikkje spå når eit slikt forslag eventuelt kan leggast fram.

– Offera har godt rettsvern i Noreg

Leiar i justiskomiteen, Lene Vågslid (Ap), varslar at ho vil ta opp regjeringa sin manglande respons på justiskomiteen sine vedtak i Stortinget tysdag.

– Rettstryggleiken for desse kvinnene er ikkje god nok. Eg forventar at justisministeren tar grep og at han tar dette langt meir på alvor enn sine forgjengarar, seier Vågslid.

Kommunikasjonsavdelinga i Justisdepartementet skriv i ein e-post til NRK at departementet er i gang med ei nærare utgreiing av regelverket og praksis for opphald for offer for menneskehandel.

– Det er krevjande å finna ei hensiktsmessig avgrensing som tar vare på dei kryssande omsyn, men offer for menneskehandel har eit godt utvikla rettsvern i Noreg.

Offer for menneskehandel

PÅ GATA: Esther tilbake på gata der ho selde sex i Oslo. Timar seinare blei ho arrestert og køyrt til Trandum.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK