Hopp til innhold

Krev strakstiltak mot køane nord for Bergen

Ordførarar i Nordhordland fryktar køane i nord vert verre enn over Sotrabrua i vest.

Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes, Per Lerøy

KREV STRAKSTILTAK– Me kan ikkje venta på ny firefeltsveg ein gong etter 2030, meiner ordførarane Jon Askeland i Radøy (f.v.), Astrid Aarhus Byrknes i Lindås og Per Lerøy i Austrheim.

Foto: Sølve Rydland / NRK

På Hylkje møter me Jørn Sleire. Han pendlar mellom heimen i Lindås og Sandsli i Bergen og står ofte i kø på strekninga Nordhordlandsbrua-Eikåstunnelen-Vågsbotn på E39.

– Løysingane ved tunnelen er dårlege, med rundkøyring i eine enden og lyskryss i andre.

Han er ikkje åleine. Europavegen der ein stadig må stoppa i lyskryss, og der det ikkje er råd å køyra forbi, vert stadig meir trafikkert. I rushtrafikken vert det kø dagleg. Skjer det trafikkuhell kan ein gløyma å nå jobben.

25 000 bilar dagleg

No krev ordførarane i Nordhordland at noko vert gjort. Dei kan ikkje venta på den nye vegen som ifølgje Nasjonal transportplan neppe vil stå ferdig før etter 2030.

Køer Vågsbotn

I STAMPE: Samferdslepolitikarane i Hordaland krev strakstiltak på strekninga Bergen-Nordhordland.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) er leiar i samferdsleutvalet i Hordaland. Han fryktar større trafikkproblem i nordenden av Bergen enn ein i dag har mot vest over Sotrabrua.

Med nesten 25 000 daglege bilpasseringar gjennom Eikåstunnelen nærmar trafikken seg nivået på Sotrabrua – der trafikken har stått i stampe i årevis.

– Utbygginga av Sotrasambandet startar no. Situasjonen mot nord vil bli verre enn den i dag er mot vest.

– Eg skjønar godt at folk er frustrerte, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

– Dette er absolutt ikkje haldbart, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap).

Godtar ikkje 13 nye år

Alle tre ordførarane sit i samferdsleutvalet. I går fekk dei resten av samferdslepolitikarane i fylket med på å be Statens vegvesen innføra strakstiltak for å betra situasjonen.

– Folk i Nordhordland og Bergen Nord ikkje kan venta i minst 13 år på grønt lys.

– Folketalsutviklinga vil gi trafikkvekst. Ei midlertidig løysing hastar.

– Dette gjeld beredskap, liv og helse. Det er strekningar her der blålysetatane ikkje kjem seg forbi når det er kø.

Per Lerøy

VIL IKKJE VENTA: – Folketalsutviklinga vil gi trafikkvekst. Ei midlertidig løysing hastar, seier ordførar Per Lerøy i Austrheim.

Foto: SØLVE RYDLAND

Grethe Vikane er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Vi vil sjå på om det er mogleg å vurdera tiltak som får vekk dagens flaskehalsar.

Manglar strakspengar

Stortinget har sett av 200 millionar kroner til oppstart av den nye firefeltsvegen ein gong rundt 2029, men ikkje til strakstiltak

– Våre rammer er det som ligg til langsiktige tiltak i Nasjonal Transportplan.

Medan gjennomgangstrafikken vert hindra av lysregulering, slit lokalbefolkninga på Hylkje og Haukås med å komma seg inn på europavegen. Seinast i går måtte Lindås-ordføraren stå på bremsepedalen då ein medtrafikant var lei av å venta.

– Det vart ei nestenulukke.

Evy Schrøder Nilsen kallar det ein skandale om den nye firefeltsvegen først er ferdig i 2030.

– Det er tragisk. I 2030 ligg eg under torva.