Hopp til innhold

Ferja er nesten alltid full: – Vi sit med hjartet i halsen i køen kvar dag

KVANNDAL/UTNE (NRK): Titals bilar blir ofte ståande igjen etter at ny ferje kom på plass. No krev pendlarane at noko vert gjort.

Fullt på MF Utne

STAPPFULLT: Siste bilen som fekk plass på denne avgangen, måtte stå på tvers. Likevel stod 14 bilar att på Kvanndal kai.

Foto: Inge Haustveit

– Situasjonen er heilt uhaldbar og frykteleg frustrerande. No når riksveg 13 òg vart stengt i sist veke har trafikken auka og problemet toppa seg, seier ferjependlar Inge Haustveit.

Han sit i ferjesalongen på M/S «Utne». Kvar arbeidsdag pendlar han mellom Utne og Kvanndal, til arbeid i Granvin.

– Vi sit med hjartet i halsen i ferjekøen kvar dag, seier dagpendlaren.

For nesten eitt år sidan vart den splitter nye ferja sett inn i sambandet, men det har vist seg at den er for lita, slik at han og andre bilistar ikkje kjem seg med ferja.

Inge Haustveit

HÅPLAUST: – Uhaldbart å stadig sitja med hjarta i halsen i ferjekøen til og frå jobb, seier pendlar Inge Haustveit.

Foto: Tale Hauso / NRK

Måtte forlata bilen

​Då Haustveit var på veg heim etter arbeid på torsdag, var ferja full igjen. For å få vera med måtte han setja bilen att i Kvanndal.

– Eg måtte henta ungane i barnehagen før den stengde. Det vart litt styr. Enkelte går ein halvtime for tidleg frå jobb for å vera sikre på å komma heim med rett ferje og få dagane til å gå i hop. Det er ikkje slik det skal vera.

Han fortel at den dagen stod 14 bilar att på Kvanndal då ferja gjekk. Neste avgang frå Utne var det 15 bilar pluss eit vogntog som ikkje kom med.

– Det er ikkje uvanleg at så mange står att.

Ferjekø på Kvanndal kai

KOM IKKJE MED: 15 bilar og eit vogntog stod att på Utne etter ein avgang frå Utne torsdag.

Foto: Inge Haustveit

No krev han og andre bilistar ei permanent endring med større ferje på sambandet.

– M/F «Utne» er ikkje eigna på sambandet. Ho er for lita.

Ingen ekstraferje tysdag

Direktør i Skyss, Oddmund Sylta, seier det har vore mykje vegstengingar og dermed ein ekstraordinær trafikk som det ikkje var mogleg å føresjå.

– Det me kallar normal trafikksituasjon har me omtrent ikkje hatt sidan denne ferja vart sett inn.

Han lova ovanfor NRK at det ville bli sett inn ei ekstraferje så fort som mogleg på sambandet, aller helst frå tysdag morgon. Det blir ikkje noko av, får NRK opplyst av Norled seint måndag kveld.

- Det årlege vedlikehaldet på MF «Hordaland» har teke lenger tid enn planlagd, dermed får me ikkje frigjort reserveferja som er sett inn for den. Vi beklagar dette sterkt, seier regionsjef Inge Andre Utåker i Norled.

Han seier det blir jobba på spreng med å gjera ferdig vedlikehaldet, men at det truleg blir onsdag før ei ekstraferje blir sett inn på sambandet i Hardanger.

– Lammar lokalsamfunnet

Også Skyss ønskjer å setja inn ei ferje med plass til fleire personbilar på sambandet, men det er eigentleg ikkje før ved neste kontraktperiode i 2020.

– Me må sjå på trafikkmønsteret og sjå om me kan tilpassa rutetilbodet også før den kontrakten me har i dag, seier Sylta i Skyss.

– Er det realistisk før år 2020?

– Eg kan ikkje lova, men me skal sjå på det.

– Dette lammar lokalsamfunnet. Får du til dømes ikkje plass på Utne klokka åtte, går neste ferje ikkje før klokka halv ti. Det kan vera dramatisk for mange, seier Inge Haustveit.