Hopp til innhold

Krev statsstøtte til turisthytte ved Trolltunga

Den Norske Turistforening (DNT) meiner staten må finansiera ei turisthytte på halvvegen til Trolltunga for å få ned talet på redningsaksjonar.

Trolltunga

TRAVELT: Talet på turistar til Trolltunga har eksplodert. Over 80.000 vitja det luftige fjellplatået i Odda i 2016.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

– Turistforeininga ønsker å bidra til å rusta opp fjellet for å gjera dei mest besøkte fotturane tryggare, seier dagleg leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag.

I 2010 var det under 1000 turistar på Trolltunga. Sidan har talet eksplodert, og dei to siste åra er talet dobla frå 40.000 til over 80.000 i 2016.

I år har det vore 51 redningsaksjonar langs denne stien.

– Først og fremst trengst hytteanlegg langs stiane til stader som Trolltunga og Kjerag der det kjem svært mykje folk, men også å rusta opp og halda ved like eksisterande hytteanlegg andre stader.

Fylkesmannen sa nei

Trolltunga ligg like ved grensa til Hardangervidda nasjonalpark. Fylkesmannen i Hordaland har tidlegare sagt nei til å byggja turisthytte ved Trolltunga, av omsyn til villreinen i området.

No ser Ødven føre seg ei hytte lenger vest, om lag halvvegs på stien til det populære turmålet.

– Det ville også gjort Trolltunga meir tilgjengeleg for barnefamiliar.

Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag

KREV STØTTE: Turistforeininga krev støtte til ei turisthytte halvvegs til Trolltunga, seier dagleg leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag (DNT).

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– Treng fleire 100 millionar

Etter Brennpunkt-programmet lovar justisminister Anders Anundsen 2 millionar kroner til Røde Kors og Norsk Folkehjelp for å dekka ekstrautgiftene deira i årets sesong.

– Det er småpengar, er kommentaren frå Ødven.

– Det ligg eit stort samfunnsansvar å byggja turisthytter på slike stader for å førebyggja redningsaksjonar. Det er DNT villig til, men då trengst fleire hundre millionar kroner.

Ifølge Ødven er det ikkje økonomisk lønsamt for DNT å driva slike hytter.

– Staten må bidra til å sikra både bygging og drift av hytteanlegg. Først då vil me vurdera det. ​

– Hadde vore fantastisk

Bjørn Arild Fjeldsbø har vore områdeleiar for Odda Røde Kors i år.

– Ei turisthytte på halvvegen hadde vore eit fantastisk tryggleikstilbod. Då hadde me slept omtrent alle redningsaksjonar på grunn av utmatting eller mangel på lykt, og berre trengt å hjelpa dei som går seg vill i dårleg vêr eller skadar seg.

Bjørn Arild Fjeldsbø

DET HASTAR: Ei hytte hadde fjerna dei fleste redningsaksjonar, meiner Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors. Og han etterlyser strakstiltak frå Regjeringa før neste sesong.

Foto: Tale Hauso / NRK

Uansett meiner han at ulike departement må samarbeida raskt om løysingar før neste års sesong.

– Det hastar. Sesongen byrjar allereie i mars.

Han meiner styremaktene må vurdera å avgrensa allemannsretten i slike spesielle område som er svært mykje besøkt av lite fjellvande turistar.

– Kanskje bør det stillast krav til utstyr ein må ha med seg på denne turen. Å setja eit klokkeslett som siste frist for å starta på turen, er kanskje vanskelegare, meiner Fjeldsbø.

Skilt Trolltunga

ÅTVARING OG RÅD: Frivillige organisasjonar etterlyser sterkare tiltak enn skilting langs Trolltunga-stien.

Foto: Odda kommune

Offentleg løna redningsteam

Leiar Terje Kollbotn i Raudt Odda har ei rekke forslag til tiltak før 2017-sesongen:

  • Alle Trolltunga-turistar må betala 500 kroner til kollektivtransport tur/retur og utvikling av reisemålet.
  • Maksimalt 2000 turistar dagleg.
  • Råd og guiding på fleire språk i bussen/taxien.
  • Kontrollsjekk på utstyr før turen.
  • Brakkerigg med 100 overnattingsplassar, enkel matservering, og toaletttilhøve, ved Floren eller nærare Trolltunga, kombinert med ein Base Camp for telting.
  • Eit profesjonelt guide- og redningsteam med tilskot frå fylke og stat.

– Me vonar desse forslaga kan få gjennomslag på møtet i Utviklingskomiteen og styringsgruppa for Trolltunga i Odda kommune den 7. desember, seier Kollbotn.

Viss alle dei 80.000 menneska som gjekk til Trolltunga i 2016 hadde tatt turen på same dag, og stått tett i tett etter kvarandre på stien, ville køen minst strekt seg heile strekninga tur/retur – altså ein kø på over 21 kilometer.

Basert på at sju NRK-tilsette på rad får plass på 2 meter
Mange turister bruker over 12 timer på turen til Trolltunga

ÅTVARING: Stien til Trolltunga er merka med fareskilt, men ikkje alle turistar bryr seg.

Foto: Henrik Evertsson / NRK