Hopp til innhold

Krev stans på Mongstad

Bergen SV krev at produksjonen stoppar på Mongstad.

Oddny Miljeteig

Oddny Miljeteig og Bergen SV vil ha på plass tiltak som kan kompensere for manglande CO2-rensing.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

I forrige veke vart det kjend at byggjinga av renseanlegg på gasskraftverket på Mongstad vertutsett.

– Ein kan jo verte mismodig i hjerterota av mindre enn dette. Mongstad har vore, og er ein akilleshel for oss, seier Oddny Miljeteig i Bergen SV.

Miljeteig seier ho skjønar at folk er skuffa, og at ho òg er skuffa sjølv.

LES ÒG: Månelandingen på Mongstad utsettes

LES ÒG: – Dette kunne ingen forutse

Vil ha fart i andre miljøprosjekt

Difor krev ho og Bergen SV no at det kjem alternative tiltak på plass for å demme opp for CO2 som ikkje vert rensa på Mongstad.

– Og det vil seie at dersom det ikkje skal vera rensing på Mongstad, slik som lova, må Olje- og energidepartementet komme opp med alternative tiltak som gjer at me får reduserte CO2-utslepp, seier ho.

Mongstad

CO2-rensinga vert utsett fire år.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Produksjonstans det einaste logiske

Bergen SV meinar at utsleppsvilkåra er brote, og dei vi ha produksjonstans på anlegget.

– Men eg ser og at det kjem me til å få vanskar med å få gjennomslag for. Difor seier me òg at dersom ikkje, så får regjeringa komme opp med andre tiltak og investeringar som får ned utsleppa like mykje, seier ho.

Eksempel på alternative tiltak dei meinar må vurderast er raskare utbyggjing av Bergensbanen, høgfartstog eller raskare utbyggjing av bybanen.

– Meiner du at folk kan stole på miljøløfta til SV?

– Eg veit at våre folk i regjering og på Storting har jobba hardt for dette, og det er det ingen andre som har gjort, verken departementet eller regjeringa samla sett.

Må bli i regjering

Sosialistisk ungdom har tidlegare krevd SV sin avgang frå regjeringa. Miljeteig tykkjer dette er svært forståeleg, men ho er likevel ikkje einig.

– Hadde eg trudd at det kunne hjelpe miljøpolitisk at SV gjekk ut av regjering, då skulle eg stått fremst og heva den fana. Dette er så viktig at me ikkje kan gå ut av regjeringa. For då legg me landet ope for dei kreftane som kun har arroganse til overs når det gjeld den heilt naudsynte kampen for å redda vår jordm seier ho.