No krev dei ei skjerping av rutinane. Pasientombodet Grethe Brundtland har sjølv vore i kontakt med mora.
- Ho opplevde det relativt dramatisk. Det var ei stor overrasking at bornet hennar var merka med eit anna namn enn hennar, fortel ho.
- Ei stor psykisk påkjenning
No ser pasientombodet på saka som ei alvorleg rutinesvikt.
- Dette er ei stor psykisk påkjenning for mora. Samstundes skapar det ein voldsom usikkerheit i det å vera på sjukehuset, og tenkja på det som kan skje, meiner Brundtland.