Hopp til innhold

Krev førarprøve for å hindre alvorlege ulukker

I 2009 var den tidlegare skiskyttaren millimeter frå å bli lam i ei ATV-ulukke. No vil han ha eige sertifikat for å køyre firhjuling. – Det er farleg dårleg kontroll i dag, seier Raphaël Poirée.

ATV ulukke Rogaland

FRYKTAR FLEIRE DØDSFALL: Dette biletet er frå oktober 2013, då ein mann i tjueåra mista livet i ei ulukke i Rennesøy kommune i Rogaland.

Raphael Poiree

VAR MILLIMETER FRÅ Å BLI LAM: Raphaël Poirée fekk sjølv inga opplæring då han skaffa seg ATV. I dag tenkjer han mest på unge folk utan erfaring når han tek til orde for eige sertifikat for å køyre ATV.

Foto: NRK

I årevis har firhjulingane eller ATV vore å finne på norske vegar og i terrenget. Likevel finst det ingen oversikt over risikoen for ulukker ved bruk av køyretøyet.

I 2009 var den fransk-norske tidlegare skiskyttaren, Raphaël Poirée, ute i terrenget med sin ATV då han velta og fekk firhjulingen over seg.

– Legen sa det rett ut til meg: Du var heldig. Ein millimeter til, og du hadde vorte lam, sa Poirée i intervjuet med NRK etter ulukka.

Krev kartlegging

Etter 14 dødsulukker med ATV sidan 2005, krev Trygg Trafikk no kartlegging av alle ulukker der firhjulingar er involverte. Dei fryktar store mørketal, ikkje minst fordi mykje av køyringa går føre seg utanfor offentleg veg.

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk meiner det er for mange ATV-ulukker til at dei kan bli forbigått utan systematisk kartlegging.

– Det er rett og slett på høg tid at ein får skikkeleg rapportering av slike ulukker.

Seinast natt til søndag 15. juni blei ein mann i slutten av femtiåra alvorleg skadd då han velta med sin ATV på Bømlo i Hordaland, så langt den siste i ei rekkje alvorlege hendingar der dei populære firhjulingane har vore involverte dei siste åra.

Ingen veit kor farleg ATV er

Sidan 2005 har det vore 129 ulukker med personskade der ATV har vore involvert på norske vegar. 14 menneske har mista livet.

Johansen seier det er særskilde årsaker til at dei små terrengbilane er utsette.

– Dei er krevjande å handtera på grunn av køyreeigenskapane. Samtidig sit ein jo like ubeskytta som på ein tohjuling, seier han.

Meiner praktisk opplæring er løysinga

Raphaël Poirée seier han ikkje fekk noko opplæring før han byrja å køyre firhjuling. Han meiner det burde vore obligatorisk, spesielt med tanke på at mange som køyrer firhjuling er unge menneske utan erfaring frå trafikken.

– Eg lærte jo å køyre sjølv, og som oftast går det bra. Men mange unge er jo utolmodige med fart, det kan fort bli farleg.

Derfor tek han no til orde for eit sertifikat.

– Det burde innførast påbod om praktisk opplæring for dei som skal køyre ATV. Eit sertifikat rett og slett. For det er på tide at noko blir gjort.

Hans Olav Hellesøe

TRUR DET ER STORE MØRKETAL: Hans Olav Hellesøe i Statens vegvesen trur det er mange firhjulingar i Noreg som rett og slett ikkje er registrerte, eller som har anleggsskilt. Dermed er det vanskeleg å ha oversikt over kor mange ulukker dei er involverte i. Dessutan skjer mykje av køyringa på stader som ikkje er registrert som veg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– ATV er ikkje noko leiketøy

Seniorrådgjevar Lars-Inge Haslie i Vegdirektoratet seier til NRK at krav om sertifikat og førarprøve ikkje er planlagt, men noko som blir vurdert.

– Ein ATV er ikkje eit leiketøy. Viss folk hadde heldt seg innanfor rammene vi allereie har i dag, kunne mange av desse ulukkene ha vore unngått, seier Haslie.

Han peikar på at det ikkje er lov å køyra i utmark og at mange av ulukkene skjer under ulovleg køyring i terreng.

– Vi ser også i ulukkesstatistikken at folk lar barn køyre ATV. Krav om førarprøve hadde ikkje hindra dette, seier Haslie.

– For å laga ein barriere mot ulukker i både terreng og på veg, vil ein eventuell føraropplæring bli veldig omfattande. Men det betyr ikkje at vi ser det som ei hindring i å innføre det, seier Haslie.

Vegdirektoratet skal i løpet av sommaren ut med eit informasjonshefte til ATV-eigarar og -brukarar, kor dei gjer ein grundig innføring med tips og øvingar til utfordringane med å køyre ein firhjuling.

Mange uregistrerte

At firhjulingane er eit relativt nytt fenomen er ifølgje Johansen i Trygg Trafikk årsaka til at det enno ikkje finst noko oversikt over kor farlege dei er.

– Dette er jo ein ny konstruksjon som ein ikkje har fanga opp på noko god måte.

Han får støtte av Hans Olav Hellesø, senioringeniør i Statens vegvesen Region Vest.

– Det er jo ein stor del ATV-ar som ikkje er registrerte. Så er det noko som går på anleggsskilt, og så er det rett og slett manglande kompetanse hjå dei som køyrer dei.

Mørketal utfor vegane

Sjølv om ein har eit tal på kor mange dødsulukker det har vore med firhjulingar, er statistikken problematisk. Årsaka er rett og slett at ein ikkje veit kor mange køyretøy som finst her i landet, fordi dei ikkje blir offentleg registrert. Ifylgje Vegdirektoratet blir det kvart år seld eit par tusen ATV-ar, inkludert firhjulingar til tenestekøyring som redningstenesta og kraftlag.

Hellesø seier dei no arbeidar med å gjera noko med saka.

– Vi jobbar med å utbetre statistikken. Oversikt over ulukkene er jo ofte utgangspunktet for å setje i gong tiltak.

– Eg veit kor gale det kan gå. Eg trur ikkje det kunne vore unngått for min del, men mange ulukker kunne nok vore hindra, seier Poirée.