Hopp til innhold

Krev prioritering av Ringeriksbanen og Bergensbanen

Fylkespolitikarar frå Ap, Sv og Sp fremmar klare krav til partikollegaer i regjeringa. Dei vil ha fortgang i tiltak på jernbanestrekninga mellom aust og vest.

Bergensbanen

BERGENSBANEN: Ap, Sv og Sp i Hordaland og Buskerud jobbar for å få reisetida på Bergensbanen ned i fire timar og 15 minutt.

Foto: Rolf-M-Sørensen / NSB

Nasjonal Transportplan (NTP) 2014-2023 skal i vår ferdigstillast. Ap, Sv og Sp i Hordaland og Buskerud meiner mykje har handla om InterCitytriangelet i høve jernbane i NTP.

Fylkespolitikarane har sendt brev til statsministeren, samferdsleministeren og finansministeren, samt partileiarane sine, med eit innspel om at Ringeriksbanen og Bergensbanen også må prioriterast i NTP.

– Me veit at det er ganske hard kamp om pengane i Nasjonal Transportplan. Me veit at det skal satsast på intercitytriangelet på Austlandet, og herifrå ønskjer me også at ein del av jernbanepengane skal komma oss vestlendingar til gode, seier Sveinung Valle, leiar i Arbeidarpartiet i Hordaland, til NRK.

LES OGSÅ: Frykter Oslo stikker av med alle jernbane-millionene

– Har tatt for lang tid

Fylkesleder Sveinung Valle i Hordaland Ap

Sveinung Valle i Hordaland Ap er ein av seks fylkespolitikarar frå Hordaland og Buskerud som har underteikna brevet.

Foto: Thor Brødreskift / Arbeiderpartiet

– For oss er det etter kvart eit krav. Det har tatt alt for lang tid å få dette på plass, seier Sveinung Valle.

Valle og dei andre fylkespolitikarane som har signert brevet meiner reisetid på fire timar og 15 minutt mellom Bergen og Oslo, ny Ulrikstunnel, Ringeriksbanen, fleire krysningspor og Vossebanen må prioriterast.

– Det er Ringeriksbanen me prøver å få fart på. Dette med dobbeltspor gjennom Ulrikken og opprusting av Vossebanen er kome eit steg lenger enn Ringeriksbanen. Men alle desse tre tiltaka er viktig for å få ned reisetida mellom Oslo og Bergen til litt over fire timar, forklarer Valle.

Trekk fram tre gode grunnar

Fylkespolitikarane i Hordaland og Buskerud meiner det er tre gode grunnar som tilseier at jernbanestrekninga mellom vest og aust bør få ein tydeleg prioritet i kommande NTP:

Dette er at Ringeriksbanen kan opna nye buområde for ein hardt pressa hovudstad, at ei opprusting av Bergensbanen kan gi meir enn dobla dagens passasjertal på strekninga, og at store reiselivsdestinasjonar som ligg mellom Bergen og Oslo kan få enorme vekstmoglegheiter.

– Er det vanskeleg å nå fram med bodskapen dykkar?

– Me blir høyrt, men spørsmålet er kva som kjem ut når transportplanen blir lagt fram. Det hjelper ikkje berre å høyra på oss, her må det til formuleringar i transportplanen og det må også følgja med pengar, seier leiaren i Arbeidarpartiet i Hordaland.

På tampen av 2012 blei det klart at samferdsleministeren ikkje vil bygga høghastigheitstog frå Oslo til Vestlandet og Trøndelag. Det kom då kraftige reaksjonar frå fleire vestlendingar .

LES OGSÅ: 15 års venting på raskere tog

– Uhyre viktig

Mona Hellesnes

Mona Hellesnes i Forum Nye Bergensbanen er glad for uttalen til fylkespolitikarane.

Foto: Ole Morten Melgård

Forum Nye Bergensbanen er glad for at regjeringspartia sine fylkeslag stiller krav om fortgang i utviklinga av Ringeriksbanen og Bergensbanen.

– Dette er ei uhyre verdifull uttale, som blir sendt rett inn i Regjeringa si handsaming av Nasjonal Transportplan for dei neste 10 åra. Me er veldig glade for engasjementet til desse raudgrøne partilaga, seier Mona Haugland Hellesnes som er styreleiar i Forum Nye Bergensbanen og fylkesvaraordførar i Hordaland (V).