Kvinnelaget i Venstre krev endring, og meiner alle kommunar bør ha ein handlingsplan for vald i nære relasjonar.
- Dette har vore eit veldig forsømt område, og det mange kvinner der ute som faktisk treng hjelp i alle kommunar i Noreg i dag, meiner May-Britt Vihovde i kvinnelaget i Venstre.
Bergen jobbar med planen
Ei gransking Amnesty presenterte i september viser at berre éin av 20 kommunar i landet har ein slik plan, som fortel korleis ein skal gå fram dersom ein opplever at kvinner blir utsette for vald.
Ein slik handlingsplan er under arbeid i Bergen kommune, og 27. mars skal denne opp i bystyret.
Trude Drevland. (Foto: Puls/NRK)
Vil ha andre kommunar med
Helsebyråd Trude Drevland er lei for at det ikkje er blitt gjort noko frå kommunen si side tidlegare, og meiner det er på høg tid at planen kjem på plass.
- Eg skal gjera mitt for å få fleire kommunar til å forstå at dette er eit område me pliktar å ha gode rutinar på, seier ho.