Hopp til innhold

Krev omkamp om storkommune i Hardanger

Vara velta planane om kommunesamanslåing. No kan det bli ny avstemming. – Me har eit ansvar for å avslutta dette på ein god måte, seier Ap-leiar i Jondal.

Utenfor ungdomshuset i Jondal

HØYR PÅ FOLKET: Folk i Jondal var engasjerte før møtet om kommunesamanslåing tidlegare i sommar. På grunn av ein avgjerande stemme frå ein vararepresentant blei det ikkje samanslåing. Fleirtalet i folket stemte for å bli ståande åleine. Men no varslar Arbeidarpartiet omkamp.

Foto: Tale Hauso / NRK

Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti hadde fleirtal, men ein varerepresentant frå Arbeidarpartiet velta planane om samanslåing med Odda og UIlensvang.

No ynskjer Ap i Jondal å ta saka opp på nytt. Leiaren kallar utfallet uverdig.

Klarsignal frå Fylkesmannen om omkamp

Olav Magnus Hammer

VIL HA OMKAMP OM STORKOMMUNE: Leiar i Jondal Arbeidarparti, Olav-Magnus Hammer ynskjer ein ny diskusjon om storkommunen i Hardanger. Han meiner utfyller sist vart uverdig.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me har eit ansvar for å sikra oss at me har gjort det me kan for at saka avsluttast på ein ryddig og god måte, seier leiar i Jondal Ap, Olav-Magnus Hammer.

Hammer har fått klarsignal frå Fylkesmannen om at det er mogleg å ta saka om kommunesamanslåing opp på nytt. Fylkesmannen stadfesta at det er heimel i lovverket for å ta opp att ei sak som allereie er røysta over.

Det skriv Hordaland Folkeblad, som først melde om saka.

Hammer vil ikkje bli kalla ein dårleg tapar sjølv om han vil ha omkamp i reformsaka.

– Det handlar om at me sidan april i fjor har arbeidd med saka, så er det ikkje å ta lett på når det vert ei slik endring som då kom.

Utenfor ungdomshuset i Jondal

ENGASJERER: 50–60 personar møtte opp utanfor Ungdomshuset i Jondal då kommunestyret avgjorde å stå utanfor samanslåing.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sikre oppmøte av faste medlemmer

For då Ap-representant Knut Flatebø ikkje kom seg i land frå jobben i Nordsjøen, kom vara Torill Endal Svåsand inn. Kvelden før møtet melde ho seg ut av partiet og tok i staden oppstilling med Senterpartiet for å sikra at Jondal vart ståande utanfor samanslåing.

Svåsand vil ikkje kommentera Ap sine planar overfor NRK, men den no partilause representanten stadfester at ho kjem til å stilla som vara viss Ap nok ein gong får forfall i eit eventuelt nytt møte.

– Me må vera sikre på at me har dei faste medlemmene til å møta i eit slikt møte, seier Hammer.

Jondal

VIL IKKJE AT JONDAL SKAL STÅ ALEINE: Alt tydar på at Jondal går inn for ei kommunesamanslåing i kommunestyret 8. juni.

Foto: G. H. Molland/Jondal kommune

Invitert til møte mellom kommunane

For då Jondal sa nei, sette det fleire brikker i bevegelse innover Hardangerfjorden. Ullensvang sitt ja til Odda hang saman med Jondal sitt svar.

– Det vedtaket som vart sett i mai er eit lovleg vedtak, og i tråd med folkeviljen, seier ordføraren i Jondal, Jon Larsgard (Sp).

Odda har invitert til eit møte mellom kommunane 19. august, kor Fylkesmannen er invitert.

Jondal kommune har sagt nei, men Jondal Ap, KrF og Høgre har sagt at dei vil stilla som tilskodarar.

Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge (Sp), seier at Ullensvang ikkje ser det som naturleg å stilla i eit møte med Odda, når Jondal har gjort vedtak på å stå åleine. Borge vil difor ikkje stilla i møte med Odda.

Ullensvang herad skal diskutera kommunereforma torsdag. Då skal styringsgruppa for arbeidet med reforma ha møte.

– Eg trur Jondal treng ei samanslåing, og eg trur Stortinget vil tvinga henne fram, seier Hammer.