Kven som i framtida skal driva snøggbåtane i Hordaland skal avgjerast i løpet av året. No krev ordførarane i Sunnhordland eit ord med i laget.
Innan 1. april skal fylkeskommunen senda ut anbodspapira. Dei papira vil ordførarne i Sunnhordland ha innsyn i.
Sikre båtar som held mål
Ordførarane vil vera sikre på at fylkeskommunen ber om båtar som held mål.
- Når det gjeld snøggbåtar stolar ikkje sunnhordlendingane på andre enn seg sjølv, seier leiaren i samarbeidsrådet for Sunnhordland, Helge Andre Njåstad.
Ber om politisk støtte
Njåstad må be fylkesutvalet om støtte for å få politisks kontroll på anbodsgrunnlaget.
Leiaren i samferdsleutvalget, Gustav Bahus er imot poltisk detaljstyring, men forstår partikollegaen frå Austevoll.