Hopp til innhold

Krev kompensasjon på linje med Hardanger

Kommunane i Hardanger fekk 100 millionar i kompensansjon etter mastesaka. – Uaktuelt, er svaret frå departementet når andre kommunar ber om det same.

Krev kompensasjon på lik linje med Hardanger

VERT BEHANDLA ANNLEIS: Ordførar i Hardanger Karstein Totland meiner Regjeringa gjer skilnad på Hardanger og kommunane i Nordhordland.

Foto: Tor Richardsen/Scanpix og Høgre

– Eg synst det er utruleg. Det er greitt at Hardanger har eit namn som destinasjon. Men me og har fjordar vassdrag og fjell som me vil ta vare på, seier ordførar i Masfjorden Karstein Totland frå Høgre.

Han meiner kommunane i Nordhordland vert behandla annleis enn kommunane i Hardanger. BKK skal bygga ei høgspentlinje mellom Modalen og Mongstad for å sikre eit meir stabilt straumnett.

Les òg: Skal det vera ei menneskemast?

Fekk 100 millionar

Etter kraftige protestar fekk kommunane i Hardanger 100 millionar i kompensasjon etter at Regjeringa ikkje gjekk med på å legga høgspenttraseen mellom Sima og Samnanger i sjøkabel.

Når Masfjorden kommune i Nordhordland ber om det same er avslaget kontant, skriv avisa Nordhordland.

Seniorrådgjevar i Olje- og energidepartementet Jon Evang seier til avisa at det er uaktuelt med kompensasjon. Departementet viser til at det er eit felles nasjonalt ansvar å sørgja for eit godt og stabilt straumnett.

Les òg: Aksjonistane gjev ikkje opp

5 mil med linje

Ifølgje ordføraren vert Masfjorden ein av dei kommunane i Hordaland med mest kraftlinjer, når lina står ferdig.

– Me vert råka kraftig. Me vil få om lag fem mil med samanhengande høgspenttrasé, seier Totland til NRK.no.

Sidan kravet om kompensasjon ikkje kjem på tale, forventar Høgre-ordføraren at krava om andre avbøtande tiltak vert akseptert.

– Om me ikkje får pengar ønskjer me i alle fall at delar av lina må gravast ned, seier ordføraren.

Les òg: Kraftlinjer i turlandskap