Hopp til innhold

Ordførar: – Næringslivet i Kvam blir lamma

Ingen har arbeidd med å rydda raset i Tokagjelet i helga. – Dette kan vi ikkje godta, seier ordføraren.

Fylkesveg 7 mellom Bergen og Hardanger er framleis stengd i Tokagjelet etter kjemperaset som knuste tunnelopninga og vegbanen for ei veke sidan.

Vegen blir stengt i mange veker fordi det er eit omfattande arbeid å rydda opp etter raset.

Forventar fullt trøkk

Ifølgje ordførar Asbjørn Tolo (H) i Kvam har det ikkje skjedd noko på staden sidan fredag klokka 16.

– Vi forventar fullt trøkk på arbeidet, og kan ikkje godta dette, seier Tolo til NRK.no.

Den stengde vegen gjer at mange pendlarar mellom bergensområdet og Hardanger får svært lang omkøyring. Dei må køyra via Voss eller gjennom Fusa så lenge vegen er stengd.

Ordføraren i Kvam meiner Statens vegvesen må sikra at arbeidet med å gjenopna vegen held på døgnet rundt.

– Vi har eit næringsliv som blir lamma av den stengde vegen og pendlarar som får ein lang omveg. Dette er alvorleg, seier han.

Hastemøte i dag

Ordføraren har kalla inn formannskapet til hastemøte om situasjonen i ettermiddag.

Der skal Statens vegvesen svara på spørsmål frå kommunepolitikarane.

Møtet klokka 17 er også ope for andre som ønskjer å delta.

NRK har så langt ikkje fått kontakt med seksjonsleiar Lars Øyre i Statens vegvesen, som skal delta på møtet i Norheimsund.

Kart Tokagjelet
Foto: Skjermdump fra Google Maps